Velkomen til oss, Jarl Martin!

Velkomen til oss, Jarl Martin!

Eit samrøystes kommunestyre har tilbode jobben som kommunedirektør i Ulstein til Jarl Martin Møller.

Verner ønskjer Jarl Martin velkomen. - Klikk for stort bileteNoverande kommunedirektør, Verner Larsen, går av med pensjon til sommaren. No er det klart at arvtakar vert Jarl Martin Møller. Eit val dei begge ser ut til å vere nøgde med. Janne-Marit Myklebust

Vedtaket vart gjort i eit ekstraordinært kommunestyremøte på Ulstein rådhus, 29. februar.

Slik var vedtaket: 

  1. Jarl Martin Møller får tilbod om fast stilling som kommunedirektør i Ulstein kommune frå og med 1. juni 2024
  2. Ordførar får mynde til å sluttforhandle arbeidsavtale. 

 

Portrett. - Klikk for stort bileteJarl Martin Møller. Janne-Marit Myklebust

 

Tidleg i arbeid

På vegner av oss som er her i dag, og på vegner av heile Ulstein kommune: Gratulerer med ny stilling! Dette er svært, helsa Hanne Notøy (Ap) etter at vedtaket var klart.

– Du har snirkla rundt oss i mange år, og har vore tilsett i både Sande, Herøy og Volda før du no endeleg kjem til oss.  Jarl Martin starta yrkeskarrieren sin som seksåring på Longva Mek. Han er oppvaksen rett ved, i Haugsbygda, og han gjekk ned dit på arbeid og jobba saman med karane – og fekk seg skuffekake på lageret til lunsj. Det seier noko om mannen Jarl Martin, som tidleg vart interessert i å jobbe og bidra, og vere ein del av arbeidslivet, helsa Notøy.

Noverande kommunedirektør, Verner Larsen, går av med pensjon til sommaren. 

 

Jarl Martin og Stian tek kvarandre i handa. - Klikk for stort bileteJarl Martin Møller vert ønskt velkommen til Ulstein kommune av ordførar Stian Skorgen Scheide. Janne-Marit Myklebust Kommunestyret samla  i kommunestyresalen på rådhuset. - Klikk for stort bileteKommunestyremøtet var samla på Ulstein rådhus 29. februar. Janne-Marit Myklebust