Barnehagetilsette samla til felles fagdag

Barnehagetilsette samla til felles fagdag

Fredag 15. mars var alle tilsette i barnehagane i Herøy, Sande og Ulstein samla til felles fagdag.  

Ein fullsett sal. Anne Merethe Kleppenes og Anita Sande i front på scena. - Klikk for stort bileteFelles fagdag for alle tilsette i barnehagane i Herøy, Sande og Ulstein. Anne Merethe Kleppenes og Anita Sande frå Statped stod for det faglege innhaldet. Herøy kommune

Temaet for dagen var alternativ og supplerande kommunikasjon, og det var Anne Merethe Kleppenes og Anita Sande frå Statped som hadde det faglege innhaldet. 

Dette var ei vidareføring av fagdagen som vi hadde i oktober 2022. Det har vore lagt ned eit stort arbeid ute i alle barnehagane på dette temaet i samarbeid med Høgskulen i Volda. Alle barn har ein lovfesta rett til alternativ og supplerande kommunikasjon i sitt ordinære barnehagetilbod. Satsinga skal fortsette ute i barnehagane. Fagdagen gav ny fagkompetanse og inspirasjon til det vidare arbeidet.