BarnekoordinatorNår eit barn er alvorleg sjukt og/eller har nedsett funksjonsevne, kan familien ha rett på ein barnekoordinator.Barnekoordinatoren vil samle og koordinere dei ulike tenestene, slik at familien og barnet får den hjelpa dei treng.Det er koordinerande eining som utnemner barnekoordinator i samråd med andre tenesteytarar.Retten til barnekoordinator gjeld når barnet er under 18 år. Kva gjer barnekoordinatoren for familien? Barnekoordinatoren vil mellom annagi informasjon og rettleiing om dei rettane familien har og om tenestetilboda til kommunenavklare forventningar og kartlegge behovet til kvar enkeltformidle kontakt til aktuelle organisasjonar, til dømes pasientorganisasjonarsørge for framdrift i den individuelle planen til barnet, viss barnet har ein slik plansørge for at det er samarbeid mellom dei ulike tenestenesikre kontinuiteten i sårbare overgangarsikre brukarmedverknadArbeidet til barnekoordinatoren tar utgangspunkt i eit viktig spørsmål: Kva er viktig for deg og familien din? Barn har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei. Deira meining skal leggast vekt på i takt med alderen og utviklinga. Kva er skilnaden på alimnneleg koordinator og barnekoordinator? Vilkåra for å ha rett til barnekoordinator er noko strengare enn vilkåra for å få ein alminneleg koordinator i individuell plan. I tillegg rettar barnekoordinatoren større merksemd mot familiane enn ein alminneleg koordinator. Du kan lese meir om det i den nasjonale rettleiaren for samarbeid om tenester til barn og unge.Nokre familiar vil oppfylle vilkåra for å få både barnekoordinator og alminneleg koordinator. Men det er ikkje meininga å ha to koordinatorar. I slike tilfelle skal kommunen, i samråd med barnet, ungdommen og familien, vurdere kva type koordinator det er mest føremålstenleg at familien får. Korleis får du barnekoordinator i Ulstein? Når kommunen kjenner til at ein familie har behov som kan gi rett til barnekoordinator, vil kommunen på eige initiativ informere familien om ordninga. Familiene som er kjende for oss vert kontakta.Familiar som vil søke om å få barnekoordinator kan bruke dette søknadsskjemaet.Andre helseinstansar kan bruke dette meldingsskjemaet. Korleis kan du klage om du ikkje får barnekoordinator? Du kan klage påavslag om barnekoordinatorendring eller opphøyr av barnekoordinatormanglande oppfylling av rett til barnekoordinator Send klage til Ulstein kommune, helse og omsorg ved koordinerande eining, postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Publisert 05.06.2023 11:49 Sist endra 11.06.2025 15:40