Avlasting

Avlasting

Ulstein kommune kan etter søknad tilby avlastingstiltak på ulike måtar:

  • Avlasting ved Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter
  • Avlastingsleilegheiter ved avdeling for barn og unge i Holsekerdalen
  • Avlasting i private heimar

Kva er avlasting?

Opphald på sjukeheim som vert ytt som avlasting for pårørande med særleg tyngjande omsorgsoppgåver. Avlasting er knytt til pårørande sitt behov for å kunne avvikle ferie eller ha eit sosialt liv.
 

Kven kan få avlasting?

Personar med særs tyngjande omsorgsarbeid kan få tilbod om avlasting.
 

Kva kan du forvente?

Både omsorgsytar og den hjelpetrengande kan søkje om avlasting. Søknad bør sendast så tidleg som råd med tanke på sakshandsamingstid, tid til planlegging og praktisk gjennomføring. Søknadar vert fortløpande behandla, jf. forvaltningslova § 11 a.
 

Moment som det vert teke omsyn til

  • Har søkjar mange timar omsorgsarbeid i månaden?
  • Er omsorgsarbeidet meir fysisk eller psykisk tyngjande enn det som er vanleg?
  • Inneber omsorgsarbeidet mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen? 
  • Skjer omsorgsarbeidet i periodar eller heile tida?
  • Fører omsorgsarbeidet til isolasjon og mangel på ferie og fritid?
  • Har søkjar omsorg for meir enn ein person?
     

Kva kostar det?

Tenesta er gratis, men tenestetilbodet omfattar for eksempel ikkje fysioterapi, legeteneste eller medisinar som ved korttidsopphald.
 

Korleis søkjer du om avlasting?

Klikk her for å kome til søknadsskjemaet, vel "Avlasting". 
 

Når kan du vente svar?

Sakshandsamingstida er 3-4 veker, og du vil då få skriftleg melding om vedtak.
 

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.

Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal  som klageinstans.


Kontaktinformasjon helse og omsorg

Kontakt

Gunn Hofset
einingsleiar 2 Holsekerdalen omsorgsbustader
E-post
Mobil 98 23 06 12