Seniorbesøk

Seniorbesøk

Tilbod om helsefremmande heimebesøk til deg som er 80 år.

Ulstein skal vere ein god kommune å verte gamal i. Omsorgsetaten vil difor tilby ein helsefremmande og førebyggande samtale i heimen det året du fyller 80 år.

Målet med besøket er å ha ein samtale om kvardagsliv og helse. Her vil du få kunnskap om moglegheiter i seniortilværet og du får ei mappe med informasjon.

Tilbodet er eit ledd i regjeringa si satsing på å styrke eldre sine ressursar, og å sikre gode og trygge helse- og omsorgstenester. Dette har bakgrunn i folkehelselova, kapittel 2.  

Tema

Tilbodet går til deg som ikkje har omfattande heimetenester. Betre levekår og helsetilbod skaper forventningar til eit aktivt liv også etter pensjonsalder Førebyggande heimebesøk fremmar helse og meistring, og gir moglegheit til å leve aktive og sjølvstendige liv også når helsa vert redusert.

Tema for samtalen omfattar

  • meiningsfylt aktivitet
  • sosial deltaking
  • kosthald
  • einsemd
  • førebygging av fallulykker og tryggheit og sikkerheit i heimen.

Det vert spesielt vektlagt kva du sjølv meiner er viktig for å ta vare på eiga helse.

Du vil få eit brev med eit tilbod om eit helsefremmande og førebyggande heimebesøk. Å ta imot besøket er frivillig, og det vil vare om lag 1 time.  Vi vil ringe deg før besøket for å verte einige om dag og klokkeslett.

 

Nyttige lenker:

Leve hele livet (PDF, 2 MB)

 

Nasjonal rettleiar

Her finn du også info om førebyggande heimebesøk frå den nasjonale rettleiaren: forebyggende hjemmebesøk.