FolkehelseVi jobbar langsiktig og heilskapeleg for å fremje god helse og livskvalitet for innbyggjarane. Folkehelseperspektivet er godt innarbeidd i kommuneplanen sin samfunnsdel (PDF, 11 MB) og i levekårsplanen (PDF, 243 kB). Korleis skape god folkehelse? Grunnlaget for helsa vår vert lagt i dei daglege rutinane i heim, barnehage, skule, arbeid og fritid. I tillegg kjem strukturane i lokalmiljøet, med til dømes gang- og sykkelvegar, gode møteplassar, samferdsel, helseteneste, idrettsanlegg, kulturaktivitetar, tilgang til friområde og friluftsliv. Det er derfor viktig at folkehelseperspektivet vert ivareteke i alle sektorar. Klikk her for å lese kva Helsedirektoratet seier om folkehelse. Korleis er folkehelsa i Ulstein? Det er Folkehelseinstituttet som utarbeider ein folkehelseprofil med oversikt over helsetilstanden for befolkninga i kommunen. Her kan du hente folkehelseprofilen for Ulstein kommune. Folkehelseoversikta blir revidert om lag kvart fjerde år. Her er folkehelseoversikta for kommunen. (PDF, 8 MB) Livsstilsgruppa God Helse Ulstein kommune er med i arbeidsgruppa "Livsstilsgruppa God Helse" som er ei felles satsing mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunane. Arbeidsgruppa arbeider med tiltak som kan påverke livsstilen vår. Det overordna målet er fleire leveår med god helse i befolkninga og mindre helseforskjellar mellom sosiale lag, etniske grupper og kjønn. Gruppa sin visjon er "God helse gjennom sunn livsstil for alle". Ut på tur? Her finn du kart over friluftslivsområde og dei grusa turvegane i kommuna, og her finn du oversikt over StikkUT-turar. Folkehelsekoordinator Folkehelsekoordinatoren skal samordne ulike tiltak for alle aldersgrupper i kommunen. Koordinatoren skal koordinere den førebyggande innsatsen i kommunen og vere pådrivar for nye tiltak. Koordinatoren skal også kartlegge område i kommunen der det trengst målretta helsefremjande innsats og ha oversikt over kva ressursar kommunen har. Publisert 19.09.2018 09:47 Sist endra 19.05.2021 18:00