Riving

Riving

Dersom du skal rive eit bygg, eller delar av eit bygg, er det fleire ting du må gjere på førehand.

Hugs at du sjølv har ansvar for å sjekke at det du skal bygge ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk.

Rive utan å søkje

Sjekk om tiltaket ditt er nemnt i rettleiaren «Dette kan du bygge uten å søke kommunen om tillatelse». Dersom det er lov å bygge dette tiltaket utan å søke, skal du også kunne rive det utan søknad.

Søke sjølv

Det same gjeld forholdet gjeld også i høve tiltak som du sjølv kan søke om å bygge. Dette kan du også sjølv søke om å rive. 

Meir informasjon om kva du kan søke om sjølv finn du på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet (DIBK). 

Korleis søkjer du?

  • Fyll inn søknadsskjemaet nr. 5153 "Søknad om tillatelse til tiltak utan ansvarsrett". Skjemaside DIBK
  • Bruk eit oppdatert kart i målestokk og teikn eit kryss over bygget som du skal rive. Sunnmorskart.no
  • Legg gjerne ved teikningar eller foto som viser bygget.
  • Du må opplyse om føremålet med rivinga og korleis tomta skal opparbeidast etter rivinga.
  • Send inn erklæring/stadfesting på at dei som har pengehefting i eigedomen er varsla, seinast ved søknad om løyve til å sette i gang. 
  • Send inn stadfesting på at bygget er fråflytta, seinast ved søknad om løyve til å sette i gang.

Søke med hjelp av fagfolk

For alle større rivetiltak (over 50 m2) må du ha eit ansvarleg føretak som står for søknaden. Det betyr at søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess. Det kan for eksempel vere eit byggfirma, entreprenør, arkitekt eller eit rådgjevande ingeniørføretak. 

Firmaet må ha erklært ansvarsrett for sine fagområde

Viktig å hugse på

  • Kvitt deg med avfallet på ein miljøriktig og lovleg måte.
  • Rivearbeid skal sikrast i samsvar med plan- og bygningslova  § 28-2.
  • Kontakt kommunen om det er eit eldre bygg som kan vere verneverdig.
  • Kontakt kommunen når det gjeld å plombere vatn- og avlaupsleidningar. 
  • Kontakt andre leidningseigarar når det gjeld leidningar  i lufta eller i grunnen (t.d. telefon, breiband, vatn).

Kva kan du forvente?

Du kan forvente at søknaden vert handsama innanfor det gjeldande lovverket.

Kva kostar det?

Gebyrsatsar, riving 2024-satsar
Bygning Pris
Opptil 100 m² 2 915 kr
Over 100 m² 6 943 kr


Det blir ikkje berekna meirverdiavgift på gebyr etter plan- og bygningslova.
 

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan tre veker.

Nyttige lenker

Plan og bygningslova

Byggesaksforskrifta

Kontakt

Arild Støylen
fagansvarleg byggesak/miljøvern
E-post
Telefon 70 01 76 06
Arnfinn Rørvik
ingeniør byggesak/bustadkonsulent
E-post
Telefon 70 01 76 08
Trine Sæter
ingeniør byggesak/eigedomskatt
E-post
Mobil 46 88 07 87