Reserver tid med oss

Reserver tid med oss

Du kan reservere tid for møte med saksbehandlar på byggesak.

Møtelengde 20 minutt. 

 Tilgjengeleg

  • Tysdag og torsdag klokka 12.00 –15.00
  • Onsdag og fredag klokka 09.00–12.00

Møtealternativ

  • Telefonmøte
  • Nettmøte (Microsoft Teams)
  • Fysisk møte på rådhuset
     

Du vel møteform når du reserverer tid.

Reserver tid her

 

NB! På møtet vurderer vi ikkje den konkrete byggesaka eller konkrete løysingar, men gir rettleiing om korleis du skal gå fram for å søke, kva for nokre krav det er til dokumentasjon og korleis du kan få tak i naudsynt informasjon.  

Møtet erstattar ikkje førehandskonferansar.  Dersom du treng meir tid enn 20 minutt, eller har ei konkret byggesak du vil ha innspel på, må du tinge førehandskonferanse: 

Ting førehandskonferanse

Dersom du ønsker innsyn i kva kommunen har registrert i byggesaksarkivet på din eigedom, kan du bestille tilgang til dette via kommunen sitt e-Torg:   

Sjekk her

Kva kan eg få hjelp til?

Du kan få svar på spørsmål om til dømes søknadsreglane, og få hjelp til å finne fram til kva reglar som gjeld på staden der du skal bygge. Dette gjeld både lovbestemte reglar og reglar fastsette i reguleringsplan eller kommuneplan. Vi gir også informasjon om prosess, ansvar og andre tema som må avklarast for å kome i gong.

Har du spørsmål om ei pågåande sak?

Send e-post til byggesak@ulstein.kommune.no eller ring oss på 70 01 75 00. 

Korleis avlyser eller flyttar eg ein avtale?

I stadfestinga du fekk på e-post nyttar du knappen “Flytt avtalen”. Du vil få opp alternativ om å anten flytte eller avlyse avtalen din.