Dispensasjon

Dispensasjon

Når du skal søke om å bygge, gjeld ulike lovverk, planar og reglar som tiltaket skal innrette seg etter. Dispensasjon frå dette er eit unntak, men ved visse tilfelle kjem ein likevel ikkje utanom å søkje om dispensasjon.

Kva kan du søke om dispensasjon frå?

Dømer på kva det kan vanlegvis vert søkt om dispensasjon frå:

  • krav om avstand til veg (fylkesveg 50 m og kommunal veg 15 m)
  • krav om avstand til sjø og vassdrag (strandsonevernet på 100 meter)
  • krav om utarbeiding av reguleringsplan (plankrav)
  • krav i arealplan og reguleringsplan (vedtekter, byggegrense, grad av utnytting på tomta, formål i plan, grenser for byggjehøgde) 
  • byggje- og deleforbodet i kommuneplanen
  • andre reglar i plan- og bygningslova
  • teknisk forskrift

Det er ikkje tilgang til å dispensere frå sakshandsamingsreglar, og personlege omsyn og fordelar kan ikkje vektleggast.

Om du er usikker på om du må søke dispensasjon, ta kontakt med kommunen.

Korleis søkje?

Dispensasjon krev skriftleg søknad som må innehalde:

  • kva det vert søkt om dispensasjon frå
  • bakgrunnen for dispensjonen
  • fordelar ved å gje dispensasjon
  • dokumentasjon som syner at dispensasjonen er nabovarsla

Her finn du skjema som du kan nytte for å søke om dispensasjon.  (PDF, 549 kB)

Kva kan du forvente?

Du kan forvente at saka di vert handsama etter gjeldande lover og reglar. 

Det er viktig å vite at ein dispensasjon er eit unnatak. Det er strenge vilkår for å få ein dispensasjon. For det første skal det ikkje gjevast dispensasjon dersom omsynet bak regelen, eller føremålsregelen til lova, vert sett vesentleg til sides. I tillegg må fordelane ved å gi ein dispensasjon vere klart større enn ulempene. Er desse to vilkåra innfridde, kan kommunen velje å gi dispensasjon. Dersom søknaden gjeld dispensasjon frå lov og forskrift til lov, skal det leggast særskilt vekt på dispensasjonen sine konsekvensar for helse, miljø, sikkerheit og tilgjengelegheit. 

Kva kostar det?

2024-Gebyrsatsar, dispensasjon og fråvik
Handsaming Pris
Administrativt, utan behov for høyring 2 915 kr
Administrativt, med avgrensa høyring 5 300 kr
Administrativt, med full høyring 9 222 kr
Politisk, utan høyring 6 943 kr
Politisk, med avgrensa høyring 9 699 kr
Politisk, med full høyring (2 eller fleire eksterne instansar) 16 748 kr
Fråvik frå TEK 2 915 kr

Saker med høyring er saker der kommunen sender søknaden din til andre for uttale. Det kan for eksempel vere landbrukskontoret, statsforvaltaren, statens vegvesen eller kystverket. 

Ved avslag på byggesøknad skal det betalast 60% av saksgebyr for omsøkt tiltak. For dispensasjon- eller frådelingssøknadar skal det betalast fullt saksgebyr sjølv om søknaden vert avslått.


Det blir ikkje berekna meirverdiavgift på gebyr etter plan- og bygningslova.

Fullstendig gebyrregulativ for arbeid etter plan- og bygningslova finn du her (PDF, 226 kB)

 

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd innanfor gjeldande lovverk. Dispensasjonar som må på høyring, og som må handsamast politisk, krev lengre handsamingstid.

Nyttig lenke

Kapittel 19 om dispensasjon i plan- og bygningslova (PBL)

Kontakt

Arild Støylen
fagansvarleg byggesak/miljøvern
E-post
Telefon 70 01 76 06
Arnfinn Rørvik
ingeniør byggesak/bustadkonsulent
E-post
Telefon 70 01 76 08
Trine Sæter
ingeniør byggesak/eigedomskatt
E-post
Mobil 46 88 07 87