Feiing av skorstein

Feiing av skorstein

Kor ofte kjem feiaren?

Feiing er behovsbasert og feieintervallet vert tilpassa til ditt fyringsanlegg og til ditt bruk. Den faglege vurderinga på kor ofte din skorstein har behov for feiing vert gjort ved bustadtilsynet.

Forskrift om brannførebygging frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Det vil seie at dei gamle intervalla for feiing ikkje gjeld lenger.

 

Kva må eg gjere før feiaren kjem?

  • gi beskjed til alle i bustaden om at feiaren kjem

  • ikkje fyre i eldstadene under feiing

  • stenge alle omnsdører, luker og spjeld for å unngå sotskade

  • alle feie- og sotluker må vere tilgjengelege

  • legge fram stige slik at vi ser at du har mottatt varselet om feiing

  • sørge for at tilkomsten er i forskriftsmessig stand (PDF, 401 kB)

 

Kva må eg gjere etter at feiaren er ferdig?

Etter at skorsteinen er feia, vil feiaren fjerne sot frå sotluka dersom du er heime. Viss du ikkje er heime må du sjølv fjerne sot frå sotluka før du fyrer opp.

Kontakt

Olav Helt Brubakk
brannsjef Hareid og Ulstein brannvesen
E-post
Mobil 99 01 70 68
Marte Rewentlov Hansen
feiar Hareid og Ulstein brannvesen
E-post
Mobil 48 89 66 12