Bustadtilsyn

Bustadtilsyn

Kva er formålet med bustadtilsyn?

Ved tilsyn sjekkar vi branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing.

 

Tilsynet omfattar:

  • kontroll av fyringsanlegget

  • ei fagleg vurdering av kor ofte det skal feiast

  • sjekke tilgjengelegheita til skorstein og sotluke

  • informasjon om rømmingsveg, sløkkjeutstyr og røykvarslarar

  • informasjon om oppbevaring og bruk av farleg væske og gass

  • generell informasjon om brannsikkerheit i heimen

 

Kor ofte kjem feiaren på tilsyn?

Tidlegare kom vi på bustadtilsyn minst kvart fjerde år. Forskrift om brannførebygging frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Det vil seie at dei gamle intervalla for bustadtilsyn ikkje gjeld lenger, og behovet for tilsyn vil bli vurdert for kvar enkelt bustad.

 

Må eg vere heime ved bustadtilsyn?

Ja, du må vere heime når vi kjem på tilsyn slik at du kan vise oss rundt i bustaden.

 

Kva må eg gjere dersom tilsynet viser avvik?

Etter tilsynet sender vi deg ein rapport med oppsummering av besøket. Finn vi avvik, får du vanlegvis 30 dagar på deg til å gi oss ei skriftleg tilbakemelding. Feiaren som besøkte deg, er din sakshandsamar.

Kontakt

Marte Rewentlov Hansen
feiar Hareid og Ulstein brannvesen
E-post
Mobil 48 89 66 12