Vigilo fagsystem for barnehage, skule og SFO

Vigilo fagsystem for barnehage, skule og SFO

Kort fortalt

  • Oppvekstsektoren i Ulstein kommune skal ta i bruk løysinga Vigilo til å administrere barnehagar, skular og SFO. Digital kommunikasjon mellom kommunale barnehagar/skular og foreldre/føresette i Ulstein vil også gå føre seg via kommunikasjonsløysinga i Vigilo.
  • Den lukka løysinga sikrar personvernet, er trygg og effektiv, og samlar all kommunikasjon på ein stad. Løysinga erstattar kommunikasjon via ranselpost, e-post og SMS.
Illustrasjon. Logoen til Vigilo. To hender som held i kvarandre, ei stor og ei lita. - Klikk for stort bilete
Kva er Vigilo?

Vigilo er eit komplett oppvekst- og administrasjonssystem (OAS) som skal dekke behova oppvekstsektoren har for å kunne administrere barnehagar, skular og SFO.

I Vigilo kan kommunen ta imot søknader om barnehageplass og SFO-plass, søknader om redusert betaling og fakturahandtering.

Kommunale skular bruker Vigilo til administrasjon av skulekvardagen, som til dømes plassering av elevar, timeplanar, fråværsregistrering, karakterar og vitnemål. 

 

Når kjem Vigilo til Ulstein kommune?

Kommunen tek i bruk Vigilo frå 1. august 2023. Vigilo erstattar Edlevo.

Digital kommunikasjon

Kommunikasjonsmodulen er ein eigen del av Vigilo som vert nytta for digital kommunikasjon mellom heim og barnehage, skule og SFO.

Kommunikasjonen i Vigilo går føre seg bak innlogging, og erstattar mindre sikre kommunikasjonsplattformer som e-post, SMS og ranselpost. Ved å bruke ei lukka løysing er kommunen i stand til å behandle personopplysningar på ein forsvarleg måte, og bidreg også til å sikre at dei tilsette kan halde teieplikta (forvaltningslova § 13).

Korleis ser Vigilo ut?

Tilsette, elevar og føresette har ulike portalar der relevant informasjon vert tilgjengeleg. Tilsette har berre tilgang til informasjon om barn dei er tildelt (for eksempel undervisningsgruppe, avdeling i barnehage og liknande). Føresette kan logge inn i nettportal eller bruke app for å sjå informasjon om eigne barn i barnehage og grunnskule.

Vigilo | Hjelpesenter er ei god kjelde til meir informasjon om korleis systemet ser ut og fungerer.

Behandling av personopplysningar

Ulstein kommune samlar inn og behandlar personopplysningar som vi treng for å utføre lovpålagde oppgåver knytt til opplæringslova.

Vigilo hentar opplysningar om barn i Ulstein kommune og deira føresette, i tillegg til opplysningar knytt til barn som har barnehage-/skuleplass i Ulstein kommune. 

Opplysningane vert henta frå Folkeregisteret (FREG) og frå Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR). Dette inkluderer opplysningar som namn, fødselsnummer, e-postadresse, familierelasjonar og bustadadresse. I tillegg behandlar kommunen opplysningar som vert registrert av tilsette ved barnehage/skulen og SFO. Kontakt- og reservasjonsregisteret er ei fellesløysing som alle offentlege verksemder skal bruke.

Du kan sjølv endre opplysningar i folkeregisteret og Kontakt- og reservasjonsregisteret. Verken skulen eller kommunen sentralt kan gjer dette for deg.

Kva rettar har du?

Når personopplysningane om deg vert samla inn og brukt, har du ei rekke rettar etter personopplysningslova og personvernforordninga.

Innsyn i personopplysningar (personvernforordninga artikkel 15)

Når kommunen behandlar personopplysningar om deg, har du rett til å vite kva opplysningar som vert behandla, kva opplysningane vert brukt til og kor lenge dei vert lagra.

Retting av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 16)

Dersom opplysningane kommunen har om deg er feil, har du rett til å få korrigert dei. Det gjeld også dersom kommunen ikkje har fullstendige opplysningar om deg.

Sletting av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 17)

Du kan ha rett til å få sletta opplysningane om deg sjølv. Dersom du meiner kommunen behandlar informasjon om deg som ikkje er nødvendig, kan du be om at denne informasjonen vert sletta. Dette gjeld ikkje dersom opplysningane skal oppbevarast etter anna lovverk, for eksempel arkivlova.

Avgrensa behandling av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 18)

I visse tilfelle kan du kreve at behandlinga av personopplysningar vert avgrensa. Dette kan for eksempel skje om du meiner at personopplysningane dine ikkje er rett, og at det vil ta tid for kommunen å vurdere dette.

Protest mot behandling av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 21)

Du kan protestere på at kommunen behandlar opplysningar om deg. Retten gjeld ikkje dersom kommunen er pålagt gjennom lov å behandle opplysningane.

Du kan lese meir om rettane dine og korleis du kan utøve desse rettane i personvernerklæringa for Ulstein kommune.

Klage

Du kan klage til Datatilsynet viss du ikkje er nøgd med korleis kommunen behandlar personopplysningane dine, eller du meiner behandlinga er i strid med personvernreglane. Informasjon om korleis du går fram for å klage finn du på nettsidene til Datatilsynet.

Kontakt

Ta kontakt med barnehagen eller skulen om du har spørsmål om Vigilo.

Treng du hjelp med det tekniske? Kontakt Vigilo | Hjelpesenter.

Korleis kome i gang?

Du har tilgang til kommunikasjon og informasjon gjennom Vigilo foreldreportal og Vigilo app.

Vigilo foreldreportal

Du loggar deg inn i Vigilo foreldreportal via ID-porten, på sida https://www.vigilo.no/ulstein/.

Foreldreportalen er tilgjengeleg både på PC og i nettlesar på smarttelefon eller nettbrett, men bruk helst appen for smarttelefon (sjå under).

Sjå også hjelpeartikkel for innlogging i foreldreportalen i Vigilo hjelpesenter.

Vigilo app

Illustrasjon av mobil med innlogging til Vigilo - Klikk for stort bilete

Vigilo app er eit alternativ til foreldreportalen på nett. Du lastar ned appen gratis på App Store (iOS), Google Play (Android) eller App Gallery (HarmonyOS).

Første gongen du loggar deg inn gjer du det via ID-porten. Du må då opprette ei firesifra PIN-kode som du skal bruke når du loggar deg inn neste gong. Alternativt kan du aktivere biometrisk innlogging.

Sjå også hjelpeartikkel om nedlasting og innlogging i Vigilo app i Vigilo hjelpesenter.

Kontakt

Ann-Christin Bonde Helliksen
barnehagekonsulent
E-post
Telefon 70 01 77 07
Nils Ertesvåg
pedagogisk konsulent
E-post
Telefon 70 01 77 10
Mobil 90 67 95 11