Skulane våre jobbar for å skape gode skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Vi legg stor vekt på å førebygge krenkande handlingar som mobbing, vald, diskriminering og rasisme.
Blir du mobba?
Meld frå om mobbing.
Retningslinjer ved krenkande åtferd
Vi har retningslinjer for korleis ein skal handsame saker der skulen får mistanke om eller vite om krenkande åtferd. Dei same retningslinjene gjeld dersom skulen får melding om at ein ønskjer tiltak knytt til det fysiske eller psykososiale skulemiljøet.
Samarbeid mellom heim og skule
Samarbeid mellom heimane og skulen er nødvendig og svært viktig i saker som vedkjem eleven sitt skulemiljø. Føresette er representerte i skulemiljøutvala og medverkar på den måten til å fremje gode miljø ved skulane. I tillegg legg skulane til rette for god kommunikasjon med dei føresette i konkrete elevsaker.
Publisert 07.08.2018 13:42
Sist endra 29.05.2023 04:55