1,3 milliardar menneske i verda har ei funksjonsnedsetting. Mange av desse lever i fattigdom og har ikkje same tilgang til utdanning, helsehjelp og arbeid som andre. I krigs- og konfliktområde er livet ekstra vanskeleg for funksjonshemma, og væpna konflikt fører til at fleire vert skada. I Palestina risikerer ein heil generasjon barn å vekse opp med alvorlege funksjonsnedsettingar på grunn av krigen.
Truels Zeiner Henrikse
Pengane frå årets TV-aksjon skal gå til skulegang, helsetenester og naudhjelp, og hjelpemiddel som skulebøker med punktskrift, rullestolar og proteser. Vi skal vere med å gi 200 000 menneske med funksjonsnedsetting og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia eit betre liv.
På bildet ser vi 9 år gamle Narius frå Uganda. Han er døv og går på ein inkluderande skule og får hjelp til å lære seg teiknspråk.
Atlas-alliansen
Atlas-alliansen er ei stifting av organisasjonar av funksjonshemma og pårørande i Noreg, som sidan 1981 har vore involvert i internasjonalt bistandsarbeid. Stiftinga Atlas-alliansen er oppretta av funksjonshemma sine eigne organisasjonar og består i dag av: Norges Handikapforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Norges Blindeforbund, Norsk Forfund for Utviklingshemmede, Ryggmargsbrokk- og Hydrocefalusforeningen, Mental Helse Ungdom, Norges Døveforbund og Stiftelsen Signo.
Atlas-alliansen sine organisasjonar brukar eigne erfaringar og kompetanse i samarbeid med partnarar i sør for å nå måla sine. Målet deira er like rettigheiter for alle menneske, og at norsk bistand og humanitær innsats skal vere inkluderande. Berekraft står sentralt i arbeidet, og stiftinga er sertifisert som Miljøfyrtårn. Dei er også på lista over Norges Beste Arbeidsplasser i 2025.
Saman skal vi
- sikre skulegang for fleire barn med funksjonsnedsettingar
- bidra til helsehjelp og hjelpemiddel som krykker, rullestol og kvit stokk for svaksynte og blinde
- sørge for at naudhjelp når fram til funksjonshemma - i krig og konflikt er dei ekstra sårbare
- hjelpe menneske med å bearbeide vonde opplevingar gjennom mental helsehjelp
- gi startlån og yrkesopplæring, slik at fleire kjem i arbeid
- jobbe med lokalsamfunn for å fjerne stigma og utanforskap, så alle får delta
Søndag 19. oktober skal vi saman opne dører for ei tryggare og meir inkluderande framtid for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom.
Meir om TV-aksjonen 2025 finn du her.
Bli med på årets viktigaste søndagstur 19. oktober!
Bli bøsseberar - registrer deg her [Registreringa opnar etter sommaren].
Mikkel Strøm/TV-aksjonen