NRK TV-aksjonen 2025 i Ulstein

NRK TV-aksjonen 2025 i Ulstein

TV-aksjonen NRK fyller 51 år i 2025, og det er Altas-alliansen som er tildelt årets innsamlingsaksjon. 

Menneske med funksjonsnedsettingar er verdas største minoritet. Heile 16 % av befolkninga i verda (1.3 milliardar menneske) har ei eller anna form for funksjonsnedsetting. 80 % av desse bur i fattige land, og dei er ofte dei fattigaste i samfunnet sitt. Fordomar og mangel på tilrettelegging og hjelpemiddel gjer det vanskeleg å delta i samfunnet, gå på skule og jobbe. Dette er ikkje berre urettferdig, det er også eit enormt tap for samfunnet når ikkje alle kan vere med og vise kva dei er gode for. Gjennom årets TV-aksjon opnar vi ikkje berre dører til klasserom og arbeidsplassar - vi opnar dørene til ei framtid der alle, uansett føresetnadar, har moglegheit til å delta og bidra. 

Årets TV-aksjon går av stabelen søndag 19. oktober. Di støtte til NRK TV-aksjonen 2025 vil bidra til varige endringar som gir auka livskvalitet, respekt og fridom. Saman opnar vi dører til samfunn der alle har ein plass.

 

Meir om TV-aksjonen 2025 finn du her.