Foreldrestøtte

Foreldrestøtte

Ulstein helsestasjon tilbyr ulike former for foreldrestøtte som kan bidra til å meistre foreldrerolla og samspelet med barnet betre. I samarbeid med foreldre finn vi ut kva tilbod som er best eigna for deira situasjon. Foreldrestøtte kan vere aktuelt i alle aldersgrupper og i ei rekke situasjonar.

Tilbodet er gratis.

Døme på situasjonar der foreldrestøtte kan vere til hjelp:

  • Foreldre ynskjer å styrke si foreldrerolle, utan at det er spesielle utfordringar
  • Ein har barn/ungdom med utfordrande åtferd eller skeivutvikling
  • Utfordringar med tilknytning, samspel eller kommunikasjon mellom foreldre og barn/ungdom
  • Utfordringar i barnehage eller skule
  • Konflikter mellom dei vaksne

 

Foreldrestøtte kan gjennomførast individuelt eller i gruppe.

For meir informasjon, kontakt Ulstein helsestasjon på telefon 70 01 78 80

Under finn du ei oversikt over ulike former for foreldrestøtte som vert tilbode.

Foreldrekurs (COS-P kurs)
Marte Meo
PMTO
Babymassasje
TINT