Evaluering

Evaluering

Vi jobbar stadig med å forbetre oss i arbeidet med identifikasjon og oppfølging av utsette barn og unge.  Vi evaluerer jamleg og jobbar med å utvikle og forbetre dei tiltaka vi har sett i verk på alle tre nivå. 

Kommunalt nivå

I torsdagsmøte vert alle tiltak og prosjekt jamleg evaluert. Ved behov kan også tiltak og prosjekt løftast opp på møte med leiargruppa i kommunen.

Torsdagsmøtet er også styringsgruppa for BTI-arbeidet i kommunen og har ansvar for jamleg evaluering av arbeidet.

Einingsnivå

Arbeidet med identifikasjon og oppfølging av utsette barn og unge vert jamleg evaluert i alle einingar i deira interne møter. Vi har også eit SLT-samarbeid som følger dette arbeidet tett og har jamlege tverrfaglege møter med mellomleiarar frå ulike tenester der ein snakkar om utfordringar, kva tiltak vi har og korleis dei fungerer. 

Individnivå

BTI-arbeidet i Ulstein og modellen som er utarbeida skal evaluerast jamleg. Det er sett ned ei tverretatleg BTI-arbeidsgruppe som skal arbeide med å vedlikehalde, oppdatere og evaluere denne. Dei som brukar modellen har også høve for å gi elektronisk tilbakemelding nederst på kvar side. Dette bidreg til at vi jamleg kan tilpasse modellen brukarane sine behov.