Overordna samhandling

Overordna samhandling

For å betre ruste kommunen til å møte utfordringar og barrierar som kan vere til hinder for at barn og unge får den hjelpa dei treng er det avgjerande med god tverrfagleg samhandling på eit overordna nivå. Her kan ein forankre arbeidet med barn og unge, samt legge føringar for det førebyggande arbeidet. Tilsette som i det daglege jobbar med barn og unge har også her moglegheit til å løfte problemstillingar og moglegheiter på eit høgare nivå. 

Leiarsamling

Det vert arrangert leiarsamling for alle leiarar (med fullt økonomi og personalansvar) minimum to gongar per år. Det vert veksla mellom å ha interne samlingar og samlingar der dei hentar inn ekstern kompetanse. Dei interne samlingane vert gjerne brukt til informasjon frå eigne einingar om til dømes økonomi, personalarbeid, innkjøp, digitalisering, personvern, arkiv etc. I periodar vert det nytta eksterne konsulentar med meir formell leiaropplæring og ved oppfølging av eksterne rapportar om drift og organisering.

Leiarsamlingane er  ein arena der leiarane møter kvarandre på tvers av etatar og einingar. Arenaen vert brukt til kunnskapsdeling og til å bygge fellesskap om verdiar og felles forståing av kva som vert forventa av ein leiar i Ulstein kommune.

Samhandlingsmøte

Her deltek kommunedirektør, personalleiar, kommunalsjefar (etter behov), hovudverneombod og hovudtillitsvalde frå dei fire største organisasjonane; Fagforbundet, Delta, Sjukepleiarforbundet (NSF) og Utdanningsforbundet (UDF). Dei har møte ein gong per månad, oftare ved behov.

Dette er ein arena der kommunedirektøren orienterer tillitsvalde og hovudverneombodet om aktuelle saker som gjeld organisering, økonomi og personalarbeid. Tillitsvalde kan melde opp saker  og spørsmål på førehand og direkte i møtet. Møta er lagt opp slik at det skal vere «høgt under taket» og rom for dialog og meiningsutveksling.

Kommunedirektøren si leiargruppe

Består av kommunedirektør, kommunalsjef omsorg, kommunalsjef oppvekst og kommunalsjef teknisk. Treffast ein gong i veka. 

Torsdagsmøte

Annakvar torsdag treffast leiar for omsorg, oppvekst, helsestasjon, barnevern, NAV, PPT, koordinerande eining, barnehagekonsulent og kommuneoverlege. Desse møta vert kalla torsdagsmøte. Her tek dei opp blant anna saker som gjeld barn og unge sine oppvekstvilkår i Ulstein, og dersom tilsette har saker dei ynskjer å ta opp med gruppa er dei velkomen til å gjere det. 

Politiråd

Samarbeid mellom kommune og politi er viktig for det førebyggande arbeidet i Ulstein. Ulstein og Hareid kommune har eit felles politirådssamarbeid som har møter fire gongar i året. I desse møta deltek politistasjonsjef og politikontakt, ordførar, varaordførar, kommunedirektør og SLT-koordinator i begge kommunar.

BTI arbeidsgruppe

Tverrfagleg samansett av skulefagleg rådgjevar, koordinerande eining, helsestasjon, barnevern, PPT, barnehagekonsulent.

Møte annankvar fredag.

Har etter mandat frå Torsdagsmøte ansvar for å halde BTI i kommunen kjent og brukbart, ved å 

  • oppdatere/redigere nettportalen kontinuerlig
  • arrangere 1-2 fagdagar årleg
  • følge opp BTI-ressurspersonar i kommunen
  • fremje samhandling og felles innsats