Tomas er årets nyskapar

Tomas er årets nyskapar

Kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust er vinnar av nyskaparprisen til Ulstein kommune for arbeidet med Psykologtimen. Janne-Marit Myklebust  Kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust er vinnar av nyskaparprisen 2021 frå Ulstein kommune.  

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Vanlegvis har Ulstein kommune delt ut nyskapingsprisen til ein person/prosjekt. Nytt i år er at prisen er delt i to, mellom årets nyskaping og årets nyskapar.

– Mange gjer ein kjempegod innsats i det daglege arbeidet, og enkeltpersonar vert gjerne ikkje løfta fram fordi dei ikkje er involvert i dei største prosjekta som får merksemd. Vi ønsker å løfte fram enkeltpersonar, sa Lisa Mari Breivik Anderson, då ho saman med ordførar Knut Erik Engh, delte ut prisen under årets personalfest for Ulstein kommune, 16. juni.

Sjå og høyr Else Kåss Furuseth annonsere vinnaren:

– Vi har enkeltpersonar som står i front og på skuldrane til mange som støttar dei, og så har vi også dei som ber andre på sine skuldrar og ikkje er så synlege, sa Anderson vidare.

Det var seks nominerte til årets nyskaparpris. Finalistane var kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust, for arbeidet med Psykologtimen, leiar for servicetorg og dokumentsenter Eli Marte Dalhaug, for digitaliseringsarbeid, Ingrid Nerhol for arbeidet med musikkterapi på Alvehaugen, og valansvarleg Janne-Marit Myklebust for gjennomføringa av stortingsvalet 2021.

Vinnaren er kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust. Premien er deltaking på eit valfritt kurs/konferanse, og 2 000 kroner.

Juryen si grunngjeving: 

Tomas har evne til å engasjere, skape refleksjon over praksis - og utfordre. I sitt arbeid som kommunepsykolog deler han raust av sin solide, fagleg bakgrunn, og ved å spele andre gode når han ut til flest mogleg av innbyggarane i Ulstein kommune. Som eksempel kan vi nemne utarbeiding av gruppetilbod for barn og ungdom med tema skulemiljø/psykisk helse og leiarar sett saman av ei tverrfagleg gruppe frå helse og oppvekst. «Psykologtimen» på biblioteket famnar breitt og fremmar førebyggande helsearbeid innan psykisk helse. Tilbodet har vorte svært populært, og viser ein ny måte å nå ut til flest mogleg.

Lisa Mari Breivik Anderson og Tomas Brandal Myklebust. Monica Cecilie Torp