Sommarcamp vart årets nyskaping i 2021

Sommarcamp vart årets nyskaping i 2021

Fleire stod bak Sommarcamp 2021, med Vedrana Terzic som primus motor. Sommarcamp vann den gjeve nyskapingsprisen til Ulstein kommune for 2021. Lars Erling Bjåstad Hovlid Sommarcamp 2021 gav 330 barn og unge i Ulstein gratis opplevingar i ferien. Ein kjempesuksess som no er heidra med nyskapingsprisen 2021 frå Ulstein kommune. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

– Vi var 100 prosent samde om kven som skulle få prisen, fortalde Lisa Mari Breivik Anderson og ordførar Knut Erik Engh, då prisen vart delt ut under årets personalfest for Ulstein kommune, 16. juni.

Anderson og Engh delte ut prisen på vegner av innovasjonsutvalet/formannskapet.

Nyskapinga skal oppfylle tre kriterium. Det må vere nytt, nyttig og nyttiggjort. Altså nyttig for brukarane, innbyggarane og/eller tilsette i Ulstein, det skal til dømes kunne bidra til berekraft eller redusere kostnader, frigjere kapasitet og ha brukarane sine behov i fokus. Mellom anna.

Alle tilsette i Ulstein kommune kan nominere til nyskapingsprisen. I år kom det inn ni nominasjonar. Finalistane var Sommarcamp 2021, prosjektet God oppvekst i Ulstein og vaksinasjonsgjennomføringa ved helsestasjonen i Ulstein.

– Alle fortener ros. Vi leverer tenester i toppklasse, sjølv om vi ikkje har så mykje pengar. Dei tilsette i Ulstein kommune er ein gjeng som tenker smart og som veit å sette smarte tankar og idear ut i livet, rosa ordførar Engh.


Nyskapingsprisen er på 10 000 kroner, vandrepokal og diplom.

Juryen si grunngjeving: 

Sommarcamp 2021 er eit glimrande døme på noko nytt, nyttig og nyttiggjort! Det skapte god stemning, aktivitetar, meistring, inkludering, opplevingar og utfordringar i trygge rammer for dei 330 barna som deltok. I tillegg til dette resultatet, var også organiseringa av sommarcamp nyskapande. Det var breitt samarbeid mellom kommune, lokale lag og organisasjonar. Ved å nytte lokale krefter skapte Sommarcamp 2021 mange sommarjobbar for lokal ungdom.
Dette var eit vinn-vinn-prosjekt for alle involverte.