Søknad om nedsatt eller ettergitt eigedomsskatt

Søknad om nedsatt eller ettergitt eigedomsskatt

Ulstein kommune har opna for at innbyggarar med låg inntekt og formue kan søke om nedsatt eller ettergitt eigedomsskatt. 

Dette gjeld husstandar som har ei samla bruttoinntekt på inntil grunnbeløpet i folketrygda (G) x 3.

  • 1G=124 028 kroner
  • 3G=372 084 kroner

Einslege forsørgarar kan ha samla bruttoinntekt på inntil 3,5 G (434 098 kroner) ved siste skatteoppgjer for å søke fritak frå eigedomsskatt.  

Skjema for søknad om nedsetting/ettergjeving

Dokumentasjon i form av utskrift av siste års skatteoppgjer for alle i husstanden må leggjast ved søknaden. 

Meir om eigedomsskatt i Ulstein

  • Du må søke kvart kalenderår. Dette er viktig for å kunne få oppdatert informasjon. 
  • Ordninga er eit tiltak for innbyggarar med låg inntekt. Inntekt er til dømes lønn, pensjon, renteinntekter, aksjegevinstar m.m. 
  • Husstanden betyr alle som bur fast på eigedomen, også heimebuande barn over 18 år.
  • Eventuell inntekt frå leigebuar vert rekna som inntekt for søkar.
  • Søkar må sjølv bu på eigedomen det vert søkt for.
  • Du får ikkje innvilga søknad om likvid formue som bankinnskot, aksjar og liknande overstig folketrygda sitt grunnbeløp (1G). Dette gjeld for alle husstandsmedlemmar over 18 år. 

 

Heimel for nedsetting eller ettergjeving:

Lov om eigedomsskatt § 28: «Gjer særlege grunnar at det kom til å verta særs urimeleg om heile eigedomsskatten vart innkravd, kan skatten setjast ned eller ettergjevast av formannskapet.»            

Det var kommunestyret i Ulstein som 12. desember 2024 gjorde vedtak om at det i Ulstein skal vere mogleg å søke om fritak for eigedomsskatt (sjå punkt 5H i sak 150/24 i protokollen frå møtet). 

Pc, kalkulator, papphus - Klikk for stort bilete Adobe Stock