Slik kan dei kommunale avgiftene verte i 2024

Slik kan dei kommunale avgiftene verte i 2024

Det er lagt opp til ein auke i dei kommunale avgiftene. I denne artikkelen får du vite kor mykje, og kvifor.

Vasskran på eit kjøkken. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto pixabay.com

Dei fleste avgiftene i Ulstein kommune er såkalla sjølvkost. Det betyr at kommunen ikkje tek seg meir betalt enn det kostar å drifte akkurat denne tenesta. Vi har ikkje lov å tene pengar på desse tenestene. Det gjeld byggesak, vatn, avløp og feiing/tilsyn. Dersom vi tek inn for mykje eitt år, må desse pengane brukast til føremålet innan fem år.

Før kommuneadministrasjonen legg fram forslag om neste års gebyr, hentar vi inn vurderingar utanfrå. Dei gir oss så eit råd om kor mykje vi bør ta i gebyr, basert på forventa kostnadar. Forslag til endring av gebyrsatsar for vatn, avløp og feiing i 2024 er i tråd med utarbeidd budsjettnotat i samarbeid med Momentum Solutions AS.

Gebyrliste 2024–2027 (PDF, 592 kB)

Plan- og byggesaksgebyr

Med bakgrunn i saksmengdene i 2023 finn administrasjonen å tilrå ein auke jamt over på 6 prosent for alle desse gebyra for å ta høgde for generell pris- og lønnsauke. 

Vi krev likevel ikkje inn høge nok gebyr til at tenestene er sjølvfinansiert, og dei vert difor subsidiert gjennom ordinær drift.

Vatn- og avløp

Alle kostnader Ulstein kommune har knytt til vatn og avløp, både utbygging, drift og vedlikehald, skal dekkast inn gjennom gebyrregulativet. Hovudårsaka til gebyrauken for vatn og avløp er at rentenivået har gått opp. Det fører til at kapitalkostnadene aukar betydeleg.

 

Avløpsavgifta består av ein fastdel, som er lik for alle abonnentar, og ein forbruksdel, som deler husstandane inn i tre arealgrupper, basert på storleik på huset.

Fastdelen vert auka med 179 kroner, medan forbruksdelen vert auka med 421 kroner for eit hus med areal mellom 150–299 kvadratmeter. Samla vert det 600 kroner og svarer til ein auke på om lag 15 prosent.

For hus under 150 kvadratmeter er prisauken samla på 404 kroner (15 prosent).

For hus over 300 kvadratmeter er samla gebyrauke på 939 kroner (15 prosent).

 

Vassgebyra er bygd opp på same måte. 

Eit hus mellom 150–299 kvadratmeter vil koste 724 kroner (15 prosent) meir i årlege vassgebyr. 

For hus under 150 kvadratmeter er prisendringa samla på 555 kroner (15 prosent) meir i året.

For hus over 300 kvadratmeter vil dei totale vassavgiftene auka med 1020 kroner (15 prosent).

Feiing

Investering i to nye bilar og auka husleige på grunn av ny brannstasjon gir auke i gebyr på feiing.

Framlegget er ein auke på 17,7 prosent

For ein standard bustad med eit fyringsanlegg (ei pipe), utgjer auken 104 kroner

Renovasjon

Renovasjonstenestene til Ulstein kommune vert utført av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk. Dei arbeider også etter sjølvkostprinsippet. Dei har lagt seg på ein flat gebyrauke på 7 prosent. Ein husstand med standarabonnement vil måtte betale 327 kroner meir i renovasjonsavgift. «Ein generell prisauke står for 5 prosentpoeng av auken, medan ein auke i renter og avskrivingar, pluss bransjespesifikke kostnader som auka CO₂-avgift og eit stort forsikringshopp i avfalls- og gjenvinningsbransjen, står for resten», skriv SSR i sitt framlegg.

Alle gebyra

Det er kommunestyret som vedtek dei endelege kommunale avgiftene i møtet sitt 14. desember.

Satsane frå alle områda over er eksklusive mva.

 

Har du meiningar om gebyra, har du høve til å kome med innspel i saka til og med 12. desember.

Her kan du lese fleire saker om budsjettet:

Oppsummering frå etatane