Registrer deg for å ha digital dialog med heimetenestene

Registrer deg for å ha digital dialog med heimetenestene

Får du heimehjelp eller matombering, eller har du fullmakt frå nokon som tek imot desse tenestene? Då kan du no registrere deg for å kommunisere digitalt med dei tilsette i kommunen. 

Dei sju kommunane på Søre Sunnmøre tek no i bruk sikker digital dialog mellom innbyggarar og kommunale omsorgstenester.  

 

Dialogen skjer gjennom helsenorge.no

Kommunane startar med dialog om praktisk bistand (heimehjelp) og matombering. Fleire heimetenester vert lagde til våren 2020. 

På nettstaden helsenorge.no finst det i dag mange tenester for innbyggarane (kjernejournal, byte av fastlege, vaksinar m.m). Det nye er at innbyggarar som er aktive via helsenorge.no, kan

  • sende og ta imot meldingar frå helse- og omsorgstenestene i eiga kommune
  • sjå avtaler om heimebesøk og avbestille besøk
  • få varsel om utførte oppdrag via tekstmelding eller e-post. Meldingar frå innbyggar kjem då direkte inn i den elektronisk pasientjournalen, som for kommunane på søre er Gerica. 

All digital kommunikasjon med helsevesenet vil då skje frå same staden. 

 

Slik gjer du det  

No er det opp til innbyggarane å starte å ta i bruk den nye, sikre kanalen for dialog, framfor å bruke telefon, e-post og SMS, som ikkje er sikre løysingar. 

Det er viktig at alle innbyggarar som tek imot kommunale helse- og omsorgstenester, eller har fullmakt på vegne av desse, no tek i bruk tenestene på helsenorge.no. 

 

Meir informasjon

Meir informasjon er å finne på nettstaden til KS (Kommunenes sentralforbund) og på helsenorge.no. Kommunane vil dele ut brosjyre til eigne tenestemottakar. Våre tilsette er ivrige etter å ta i bruk tenesta!