Ny, sikker kanal for kontakt med helsetenestene

Ny, sikker kanal for kontakt med helsetenestene

Søre Sunnmøre løftar i flokk og tek i bruk digital dialog med innbyggarane via helsenorge.no i haust.

Dei sju kommunane på Søre Sunnmøre er kjende for gode samarbeid seg i mellom, og «Sjustjerna» er blitt eit omgrep langt utanfor vår region.

Denne hausten byrjar vi å ta i bruk nasjonale løysingar for dialog med innbyggarane via helsenorge.no. For innbyggarane våre vil det bety at tenestemottakar av kommunale helse- og omsorgstenester, eller pårørande, får ein kanal for sikker digital dialog med den som er ansvarleg for tenesteytinga. Her kan ein mellom anna få oversikt over planlagde besøk og få kvitteringar på utførte oppdrag.

Innbyggarar som vil ta i bruk løysinga må registrere seg i helsenorge.no.

Våre sju kommunar tek i bruk løysinga i slutten av oktober og byrjar med tenestene «matombering» og «praktisk bistand».

Meir utfyllande informasjon og dato for oppstart vil kome i oktober. Fram til då ber vi om at de som ønsker å bruke dette tilbodet, les det som står på helsenorge.no sine sider og registrerer seg der. Då har de tilgang til å sende meldingar den dagen kommunane opnar dialogen.

Sjå også brosjyre frå KS om tenesta.

Her er ein god film som forklarar korleis ein kan samhandle mellom innbyggar og ansvarleg for tenestene: