Koronaviruset: politiske møte i mai

Klikk for stort bileteTalarstolen på Ulstein rådhus Svein Arne Orvik Vi går over til å halde politiske møte med fysisk frammøte. Du som vil følge med på møta i mai, møter fram på rådhuset, med unntak av kommunestyremøtet, som vert på Sjøborg. 

  

Høve til arrangement

Nasjonalt er det no høve til å ha arrangement med inntil 50 personar etter nærmare reglar. Kriseleiinga i Ulstein har derfor bestemt at vi framover kan ha fysiske møte i dei folkevalde organa våre. 

 

Møte i kommunestyresalen

I mai er det møte i kommunestyresalen på Ulstein rådhus for 

  • fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne: tysdag 12. mai kl. 14 

  • levekårsutvalet: onsdag 13. mai kl. 12.30 

  • kontrollutvalet: torsdag 14. mai kl. 8 

  • teknisk utval: torsdag 14. mai kl. 13 

  • formannskapet: tysdag 19. mai kl. 12 

Du som vil følge med på møta, møter fram på rådhuset. 

 

Kommunestyremøte på Sjøborg

  • Møtet vert halde på Sjborg kulturhus 28. mai kl. 18. 

 

Smittevern

  • Det skal vere minst ein meters avstand mellom alle, både dei folkevalde og tilhøyrarar. 

  • Alle må vaske hendene før og etter møtet, og elles ivareta god hand- og hostehygiene. 

  • Vi aukar reinhaldet i kommunestyresalen i samband med møta. 

  • Vi fører ei liste over alle som er til stades, for å kunne spore smitte dersom det vert naudsynt.