Hugs å søke om barnehageplass

Hugs å søke om barnehageplass

Søknadsfristen til hovudopptaket er 1. mars.

Du finn søknadsskjema her: Søk om barnehageplass

For å ha rett til barnehageplass frå august, må du hugse å søke innan fristen. 

  • Barn som fyller 1 år i august har rett på barnehageplass frå august.
  • Barn som fyller 1 år i september, oktober eller november har rett på plass i barnehage frå den månaden dei fyller 1 år
  • Barn som fyller 1 år i desember har rett på plass i barnehage frå august året etter. Viss det er ledige plassar kan barn fødde i desember likevel få plass tidlegare

 

Dersom du ikkje får plass i den barnehagen du ønsker, får du plass i ein annan barnehage.

Etterspurnaden kan vere større enn talet på ledige plassar i den enkelte barnehage. Det kan difor hende at du ikkje får tilbod om plass i nokon av dei barnehagande du søkte om, men i ein av dei andre barnehagane i kommunen. Vi oppmodar difor om at du prioriterer barnehagane 1–8.