Søke om barnehageplassHer ser du korleis du søker barnehageplass. Hovudopptak No er det mogleg å søkje om barnehageplass for barnehageåret 2023/2024. Opptaket til både den kommunale og dei private barnehagane skjer samla – i eit felles søknadsskjema. Fristen er 1. mars 2023. Her er oversikta over alle barnehagane i Ulstein. Kven har rett til plass? Barn som er fødde innan 30. november 2022 og som er busette i kommunen har, etter søknad, rett til plass ved hovudopptaket. Sjå den enkelte barnehage sine vedtekter for informasjon om opptak m.m. Barn som fyller 1 år i september, oktober eller november har rett til å starte i barnehage den månaden dei fyller 1 år, utan krav om foreldrebetaling frå august. Kven kan søke? søkarar for opptak 2023/2024 alle som ønsker endring av plass i barnehage eller overflytting til ein annan barnehage https://web-parent.prod.vigilo-oas.no/start-application/ulstein Korleis søke? Her er søknadsskjemaet for barnehageplass. Søknadsskjemaet krev at du loggar inn med ID-porten (MinID, bankID, buypassID m.a.) Korleis svare på tilbod om plass? Bruk dette skjemaet for å takke ja eller nei til tilbod om barnehageplass. Oppseiing Bruk dette skjemaet dersom du vil seie opp ein barnehageplass. Publisert 26.07.2018 15:34 Sist endra 10.08.2023 10:43