Elias gjekk frå å leige til å eige

Elias gjekk frå å leige til å eige

Genet Woldesselassi og Elias Tewolde Firemichael får husnøkkelen til odel og eige frå bustadkoordinator i Ulstein Eigedomsselskap, Eli-Marte Fjørtoft. Janne-Marit Myklebust Etter åtte år som leigebuar i kommunal bustad i Ulstein, kan Elias Tewolde Firemichael endeleg kalle seg huseigar.

– Det er godt å endeleg eige leilegheita der vi har budd i åtte år, seier ein nøgd Elias. No er han stolt eigar av leilegheita på Reiten, der han bur saman med kona Genet Woldesselassi.

Vegen frå leige til eige har vore lang, men å gi opp har aldri vore eit alternativ. 

Leiar i Ulstein Eigedomsselskap, Aage Christensen, kallar historia til Elias for ei solskinshistorie.

– Han har jobba seg opp, heilt frå han tok til på introduksjonsprogrammet i kommunen. Ei arbeidsmaskin, rett og slett. Han har stått på og skaffa seg jobbar og verkeleg gjort ein innsats. Det er fint å sjå at det harde arbeidet løner seg.

Det er 12 år sidan Elias kom til Noreg, og 10 år sidan han kom til Ulstein. Dei første åra var han aleine, før eine dottera kom etter fire år seinare, og kona etter seks år. I tillegg har dei to barn som framleis bur i Eritrea, og ein son som kom til Noreg for tre år sidan, og som no går vidaregåande i Ørsta.

Lenke: Les meir om leige av kommunal bustad her.

Elias og Genet heime i stova på Reiten. Janne-Marit Myklebust

Leige til eige

Det har vore eit uttalt ønske frå kommunestyret at fleire av dei kommunale bustadene skal verte selde. I fjor gjorde politikarane vedtak om sal av kommunale bustader for 10 millionar kroner i 2022, og dei auka også ramma for startlån for å gjere det lettare for vanskelegstilte å søke lån gjennom kommunen - og tilbodet er til alle vanskelegstilte, og ikkje berre dei som bur i kommunal bustad frå før.

Lenke: Les meir om startlån her

No er det seld fire kommunale bustader gjennom denne ordninga, og Elias er ein av dei.

– Vi er veldig glade for all hjelpa vi har fått gjennom kommunen og eigedomsselskapet, seier Elias. 

– Å eige sjølv gjer noko med nattesømnen. Eg søv veldig godt no, fortel han, og legg til at dei allereie har nokre planar for oppussing og måling.

– Det er fint å kunne bestemme sjølve.

Både Elias og Genet jobbar i dag i Ulstein eigedomsselskap som reinhaldarar. Elias i ei fast stilling på over 80 prosent, og Genet som vikar. Dei er også aktive og involverer seg i lokalsamfunnet, mellom anna gjennom kyrkja, og som frivillige for nye flyktningar som kjem til kommunen.

Behov

– Det er dyrt å kjøpe på den private marknaden. No eig dei leilegheita sjølve, og får vere med på verdiauken i marknaden, og dei har ein arv dei kan gi vidare til barna sine, seier bustadkoordinator i Ulstein Eigedomsselskap, Eli-Marte Fjørtoft.

– Vi har fleire som søker om startlån, og vi ser at det er behov for dette tilbodet.

Kontakt

Eli-Marte Fjørtoft
bustadkoordinator UEKF
E-post
Mobil 95 47 31 89