Startlån og bustadtilskot – informasjon om nødvendige vedlegg til søknadStartlån og bustadtilskot skal bidra til at personar med langvarige bustadsfinansieringsproblem kan skaffe seg ein eigna bustad, utbetre/tilpasse bustaden ved behov og refinansiere gjeld for å kunne behalde den. Kven kan få tenesta? Personar som har langvarige bustadfinansieringsproblem og som ikkje får finansiering frå private bankar, kan søkje om startlån og bustadtilskot. Tildelinga skjer etter nærmare og konkret vurdering etter gjeldande reglar i Husbanken og kommunen. Husbanken: Her kan du lese meir om startlån og bustadtilskot. Kommunale retningsliner Ulstein kommunestyre reviderte kommunale retningsliner for startlån og bustadtilskot: Ulstein kommune: Utfyllande retningsliner for startlån. (PDF, 238 kB) Ulstein kommune: Utfyllande retningsliner for bustadtilskot for etablering, tilpassing utgreiing og prosjektering. (PDF, 134 kB) Korleis søker du? Her kan du søke elektronisk via nettstaden til Husbanken (søknaden vert sendt til oss). Når sida har opna seg vel du den blå knappen merka "Søk startlån og tilskudd". Informasjon om nødvendige vedlegg til søknad. (PDF, 122 kB) Kontakt gjerne kommunen for eventuelle spørsmål om søknad og vedlegg – før innsending av søknad. Publisert 09.08.2018 15:56 Sist endra 02.01.2024 09:47