– Vi tenker grønt i Ulstein, og rekvirerer ikkje gravemaskin når vi kan bruke spade! sa ordføraren, før han sette spaden rett i steingrunnen.
– Eller kanskje vi må ha det likevel, sa han, då det klunka godt i spaden.
Men etter ei lita justering var første torvflekken løfta frå grunnen, og arbeidet med å bygge 20 nye omsorgsbustadar er offisielt i gang.
Første spadetak gjennomført av blid ordførar.
Janne-Marit Myklebust
Prosjektleiar Anne Hestflått frå Ulstein Eigedomsselskap er svært glad for at ein lang førebuingsprosess no endeleg har munna ut i oppstart av grunnarbeidet.
– No startar vi endeleg, og levering av ferdig bygg er tidfesta til årsskiftet 2025/2026, fortalde ho nøgd, etter at første spadetak var eit faktum.
Blid gjeng! Frå venstre Verner Larsen (kommunedirektør), Arne Runar Vik (kommunalsjef teknisk), Bjørn Inge Nesset (anleggsleiar grunn – Vasto anlegg), Steffen Løkling (distriktssjef Peab K. Nordang), Kristin Vik (kommunalsjef helse og omsorg), Anders Oksavik (prosjekteringsleiar Peab K. Nordang), Heidi Strand (eininsgleiar heimetenester), Anne Hestflått (prosjektleiar Ulstein Eigedomsselskap), ordførar Stian Skorgen Scheide og Paul Arne Ulstein (dagleg leiar Ulstein Eigedomsselskap).
Janne-Marit Myklebust
Det er frå no endra gang- og køyremønster i området.
Les meir om det her: Endra gang- og køyremønster - Ulstein kommune
Les også: Merkedag for Skollebakken - Ulstein kommune
– Eit etterlengta og viktig bygg
– Vi står vel kanskje i ditt nye kontor no, Heidi? spurte kommunalsjef Kristin Vik til einingsleiar heimetenester, Heidi Strand, ute i frisk luft på tomta til det som får adressa Skollebakken 1.
I tillegg til 20 omsorgsbustadar skal bygget nemleg også huse felles arbeidsplassar for heimetenesta og rus- og psykiatritenesta.
– I dag sit desse tenestene spreitt. Med samlokalisering gler vi oss til å kunne utnytte ressursane våre betre, sa Vik.
– Og det er vel heilt i tråd med slik vi vil ha det i Ulstein: fortette, samlokalisere og god utnytting av ressursar. Vi gler oss også til auka standard, og vi gler oss til å følge med på byggearbeidet og sjå korleis planane våre vert konkretisert. Det er spennande at det no endeleg skjer noko på tomta. Det er eit etterlengta og viktig bygg.
Grunnarbeidet vil gå føre seg fram mot sommarferien. Deretter startar betongarbeidet og reising av råbygget over sommaren.
Slik skal dei nye omsorgsbustadane i Skollebakken 1 sjå ut.