Endra gang- og køyremønster
I samband med bygging av Skollebakken omsorgsbustadar, vil det vere endra gang- og køyremønster i området frå april 2024–januar 2026.
I løpet av veke 17 vil Peab K. Nordang sette opp gjerde rundt området der dei skal bygge nye omsorgsbustadar i Skollebakken 1. Det vert difor endra gang- og køyremønster i området.
Riggplan i samband med bygging av nye omsorgsbustadar. Den grøne linja illustrerer anleggsgjerdet. Den gule linja viser ny avkøyrsle for tilsettparkeringa til Amfi. Amfi ser du nedst i bildet. Den blå linja viser veg for mjuke trafikantar.Det skal byggast 20 nye omsorgsbustader i Skollebakken 1. Planen er å også inkludere personalområde med sambruk for helse og omsorg, heimetenesta og rus- og psykiatritenesta.
Også grunnarbeidet er venta å starte i veke 17. Dette vil gå føre seg fram til sommarferien. Det kan vere at dei må sprenge i området i samband med grunnarbeidet. Dette vert varsla med lydalarm.
- Veke 17: Oppstart av grunnarbeid og inngjerding av området
- Veke 22/23: Oppsett av brakkerigg/anleggskontor
- Veke 33: Oppstart av betongarbeid
- Veke 37: Levering av betongelement

Publisert 19.04.2024 11:39
Sist endra 19.04.2024 11:46