Kom på kurs om ansvarleg vertskap og vert tryggare i rolla

Kom på kurs om ansvarleg vertskap og vert tryggare i rolla

Arbeidsgruppa for ansvarleg vertskap inviterer skjenkestadane på Søre Sunnmøre til kurs i Fosnavåg.

Desse aktørane samarbeider om ansvarleg vertskap:

  • kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Volda og Ørsta
  • politiet
  • bransjen
  • Kompetansesenter Rus Midt-Noreg (Korus)
  • Helsedirektoratet

Informasjon om kurset

Stad: Thon Hotel Fosnavåg

Tid: Måndag 29. april 2024 klokka 10.00–14.45  

Pris: 200 kroner (inkludert mat)

Kurset vil gjere deg tryggare i rolla som ansvarleg vertskap. Gjennom informasjon og opplæring av tilsette i utelivsbransjen vil vi gjere kommunane våre endå tryggare og trivelegare å ferdast i.

Dette kurset vil gjelde for den nye løyveperioden 2024–2028.

Ifølge vedtak om alminneleg skjenkeløyve skal minimum styraren og avløysaren («stedfortredaren») delta på kurset. Det gjeld også ved skifte av styrar og/eller avløysar.

Påmelding

Fristen for melde seg på er 20. april. Påmeldinga er bindande.

Klikk her for å melde deg på kurset

Arbeidsgruppa tek atterhald om at mange nok melder seg på.

Program

  • 10.00–10.10
    • Velkomen – ved ordførar Ann-Kathrin Storøy i Herøy kommune  
  • 10.10–10.40
    • Kva er ansvarleg vertskap og korleis er du eit ansvarleg vertskap for gjestene – ved Korus  
  • 10.40–11.40
    • Alkoholpolitisk handlingsplan og gjeldande regelverk –
       ved jurist Rebekka Valde Bjørndal i Ulstein kommune
    • Skjenkekontroll – ved Securitas
  • 11.40–11.50  
    • Pause
  • 11.50–12.35
    • Erfaringar frå utelivet i området vårt sett med politiet sine auge – ved politiet  
  • 12.35–13.05 
    • Matpause
  • 13.05–13.35 
    • Erfaringar frå utelivet sett frå ein aktør si side – ved Thon Hotel Fosnavåg
  • 13.35–14.05 
    • Sikkerheit for gjestar – ved brannvesenet  
  • 14.05–14.30 
    • Spørsmål, oppsummering og evaluering – ved arbeidsgruppa

 

Programmet kan verte endra.