– Arbeidet i helse og omsorg vil gi ein god ballast

– Arbeidet i helse og omsorg vil gi ein god ballast

Ein skal verte bilmekanikar, ei vil jobbe innan helse, og to treng litt meir tid til å bestemme seg. Ferievikarane i helse- og omsorgsetaten er mangfaldige og svært etterspurde. 

To og to i trappa i blå arbeidskle. - Klikk for stort bileteBak frå venstre: Markus Staalesen saman med Mari Seljeset Sandvik, og framme frå venstre: Melina Herland saman med Sandra Gustavsen. Janne-Marit Myklebust

 

Helse- og omsorgsetaten i Ulstein må legge ein enorm kabal kvart år for at feriekabalen for dei fast tilsette skal gå opp.  Då er det godt å ha god hjelp i gode vikarar.

Kunne du tenke deg å vere ferievikar i Ulstein? 

Søk då vel! Fristen er 8. april.

  • Det er ønskeleg med søkarar som har fagkompetanse, er i relevant utdanningsløp, eller har erfaring innan helse og omsorg.
  • MEN: Alle som er interessert i å jobbe med menneske er velkommen til å søke.

– Arbeidsdagen er svært variert. Miljøet er bra, vi jobbar med kjekke folk, og brukarane er også hyggelege. Det er kjekt å kunne hjelpe dei når dei viser og seier at dei set pris på det, seier Melina Herland som her hyra inn som vikar i helse- og omsorgsetaten i Ulstein.

Ho er ganske fersk i bransjen, og med seg på jobb denne dagen har ho også tre andre nokså ferske vikarar.

– Vi hyra dei inn i vinterferien slik at vi får starte med tidleg opplæring, fortel avdelingsleiar i Holsekerdalen 20, Svanhild Wiig. Ho rosar dei unge tilsette.

– Dei piffar opp arbeidsmiljøet, og så er dei veldig flinke. Dei har med seg meir erfarne kollegaer på jobb som sørger for skikkeleg opplæring, seier ho.

Skal verte bilmekanikar

Markus Staalesen er den mest erfarne av dei fire vikarane som er på jobb i Holsekerdalen denne dagen. Han har heilt andre karriereplanar enn jobb innan helse.

– Det er bilmekanikar eg skal verte, men eg likar meg veldig godt i denne jobben. Vi møter alle typar menneske ned ulike typar utfordringar. Det er gøy å vere på jobb, og eg vil helst jobbe mest mogleg for å få spart litt pengar.

Dei andre er ikkje like skråsikre på karrierevegen, sjølv om ei av dei snusar på ein karriere innan helse. Sommarjobb har dei i alle fall lyst å ha alle saman.

– Det er ein bra måte å få kome seg inn i arbeidslivet på, og veldig lærerikt, seier Sandra Gustavsen.

God menneskekunnskap

Wiig trur at uansett kva veg dei unge vel i livet, vil erfaringa innan helse og omsorg vere ein god ballast å ha med seg.

– Dei fleste jobbar handlar i ei eller anna form om relasjonar mellom menneske. Sjølv om Markus skal jobbe med bilar, må han også vere flink med kundane sine. 

Dei yngste vikarane er elevar på vidaregåande. Å hente inn så unge vikarar, ser Wiig på som ein fordel.

– Når dei får god opplæring og vert trygge i jobben, ser vi at mange også vil kome tilbake og jobbe her somrane og feriane sine når dei har reist ut for å studere. Vi treng kvar og ein av dei.

 

Treng ferievikarar

I Ulstein søker vi no etter arbeidsame ferievikarar til ulike avdelingar ved

  • Alvehaugen (sjukeheim, omsorgsbustader, kjøkken, aktivitør, ambulerande vaktmeister, fysioterapi, dagsenter for eldre)
     
  • Heimetenestene (omsorgsbustader ved Ulshaugen og Holsekerdalen, teneste til menneske med utviklingshemming, Petterbakken, personleg assistent, heimehjelpa og heimesjukepleia)

 

Eksteriør av Holsekerdalen 20. - Klikk for stort bileteHolsekerdalen 20 er ein av stadene det er behov for sommarhjelp. Janne-Marit Myklebust