Endra gang- og køyremønster

Endra gang- og køyremønster

I samband med bygging av Skollebakken omsorgsbustadar, vil det vere endra gang- og køyremønster i området frå april 2024–januar 2026.

I løpet av veke 17 vil Peab K. Nordang sette opp gjerde rundt området der dei skal bygge nye omsorgsbustadar i Skollebakken 1. Det vert difor endra gang- og køyremønster i området.

Riggplan i samband med bygging av nye omsorgsbustadar. Den grøne linja illustrerer anleggsgjerdet. Den gule linja viser ny avkøyrsle for tilsettparkeringa til Amfi. - Klikk for stort bileteRiggplan i samband med bygging av nye omsorgsbustadar. Den grøne linja illustrerer anleggsgjerdet. Den gule linja viser ny avkøyrsle for tilsettparkeringa til Amfi. Amfi ser du nedst i bildet. Den blå linja viser veg for mjuke trafikantar.

Det skal byggast 20 nye omsorgsbustader i Skollebakken 1. Planen er å også inkludere personalområde med sambruk for helse og omsorg, heimetenesta og rus- og psykiatritenesta.

Også grunnarbeidet er venta å starte i veke 17. Dette vil gå føre seg fram til sommarferien. Det kan vere at dei må sprenge i området i samband med grunnarbeidet. Dette vert varsla med lydalarm.

  • Veke 17: Oppstart av grunnarbeid og inngjerding av området
  • Veke 22/23: Oppsett av brakkerigg/anleggskontor
  • Veke 33: Oppstart av betongarbeid
  • Veke 37: Levering av betongelement 
Bilde som viser endra gang- og køyremønster i samband med bygging av nye omsorgsbustadar i Skollebakken 1. - Klikk for stort bilete