Bur eller jobbar du i Ulstein?

Bur eller jobbar du i Ulstein?

Då sponsar vi deltaking i Sykle til jobben-aksjonen. Og du? Du MÅ ikkje sykle. All kvardagsaktivitet tel!

Ute med syklar. - Klikk for stort bileteDesse sparkar i gang Sykle til jobben-aksjonen i Ulstein: F.v. Vegard Ertesvåg, Birgitte Vikanes, Cecilie Roppen, Stian Skorgen Scheide og Inger Lise Kaldhol. Janne-Marit Myklebust

Ver med på årets Sykle til jobben-aksjon og opplev ein vår full av moro, vennskapleg konkurranse og aktivitet. Meld deg på no og spark i gang ein sunnare og meir aktiv livsstil.  

Ulstein kommune ønsker å motivere deg til å verte meir aktiv, og sponsar deltakaravgifta for alle som bur eller jobbar i kommunen.

Les meir og registrere deg i kampanjen her: https://www.sykletiljobben.no/ 

Du MÅ ikkje sykle

Uansett om du syklar, går på tur i fjellet, tek ein symjetur eller ei danseøkt, tel det som aktivitet og aukar sjansane dine i konkurransen. Registrer aktiviteten din mellom 3. mai og 16. juni for å vere med i trekninga av spennande premiar – samtidig som du vert supersprek.