Trafikktryggingsarbeidet i Ulstein kommune følgjer i hovudsak dei prioriterte handlingsplanane i den kommunale trafikktryggingsplanen. Handlingsplanane i gjeldande trafikktryggingsplan var sist rullert i 2016.
Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.
Korleis påverke?
Trafikktryggingsplanen er forma som ein kommunedelplan og følgjer difor handsamingsprosess etter plan- og bygningslova. Det vil sei at det vert varsla oppstart og alle kan kome med innspel. Innspela vert vurderte og prioriterte før sluttvedtak vert gjort for ny, gjeldande plan.
Er det ting du kjem på utanom rulleringa kan det sendast til kommunen. Desse innspela vert lagt på vent til neste rullering av plan eventuelt handlingsplan.
Send innspela til postmottak@ulstein.kommune.no og merk e-posten med trafikktrygging.
Nyttige lenker
Nasjonal transportplan 2018-2029
Trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal 2013-2022 (PDF, 23 MB)
Publisert 24.10.2018 15:59
Sist endra 20.02.2020 10:32