Vilkår for avkøyrsle etter vedtak i teknisk utval 29.05.2002 sak 0097/02, jf. også plan- og bygningslova (PBL) § 11-9 nr. 3):
I tillegg til desse vilkåra spelar trafikktryggleik ei stor rolle. Det er t.d. ikkje ønskeleg med meir enn ei avkøyrsle til kvar eigedom og unødig breie/udefinerte avkøyrsler då dette kan gje eit uoversikteleg trafikkbilete. For mange avkøyrslar langs ei kort strekning er heller ikkje ønskjeleg. Fellesavkøyrsle bør difor nyttast der dette er mogleg.
Etablering av ny avkøyrsle i samband med ein byggesøknad for t.d. oppføring av ny bustad eller garasje vil ikkje i seg sjølv utløyse eit eige gebyr. Men vert det søkt om flytting eller endring av eksisterande avkøyrsle som eigen søknad vert det gjeve gebyr for det.
Gebyr for avkøyrsle 2021-satsar