Motorferdsel i utmarkOpplevinga av fred og ro når ein ferdast i naturen er viktig for mange. Formålet med regelverket Formålet med regelverket som regulerar motorferdsel i utmark og vassdrag er å verne om naturmiljøet og å sikre friluftsliv og rekreasjonsverdiar. Her kan du lese meir om reglane som gjeld for motorferdsel i utmark. Korleis søke om løyve til motorferdsel i utmark? Bruk gjerne elektronisk søknadsskjema for å søke om løyve til motorferdsel i utmark. Du kan også søke om løyve til motorferdsel i utmark ved å sende ein e-post til postmottak@ulstein.kommune.no. Når du søker, må du opplyse om følgande: formålet stad, til og frå. Bruk gjerne kartløysinga sunnmørskart eller beskriv godt. kva eigedom(ar) som vert berørt. Oppgje gnr. og bnr. og om der ligg føre avtale med grunneigarar planlagt tidspunkt (dato) for køyring/flyging ca. tal på turar som trengs kven som søkjer Publisert 19.10.2018 14:45 Sist endra 02.01.2024 09:45