Påkøyrsel av vilt

Påkøyrsel av vilt

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Om du er uheldig å køyre på ein hjort eller anna vilt skal du straks melde frå til politiet.

Ring politiet på telefonnummeret 02800 og meld frå om påkøyringa. Politiet tilkallar viltnemnda, som tek seg av saka. 

Merk staden der dyret vart påkøyrd. Følg aldri etter det skadde dyret på eiga hand. Ta aldri med deg eit påkøyrd og drept vilt.