Vedtekter for Ulstein kulturskule

Vedtekter for Ulstein kulturskule

Kort oppsummert:

  • Alle som ønsker å bli elev ved Ulstein kulturskule må søke elektronisk.
  • Du finn søknadsknappen under kvart undervisningstilbod i oversikta vår: Tilbod
  • Føresette må søke for dei som er under 18 år.
  • Påmeldinga er bindande og gjeld for eitt skuleår. 
  • Dei som har fått elevplass eig plassen til han vert skriftleg oppsagt.
  • Dato for oppseiing er den same som for påmelding, og er sett til 30. april
  • Ved utmelding etter fristen har eleven skuleplassen heile det følgande skuleåret.
  • Undervisningsåret følger den ordinære skuleruta.

 

Vi set pris på om du les vedtektene grundig før du takkar ja til plass. 

Vedtekter for Ulstein kulturskule, gjeldande frå 1. august 2021.
1. Om lovverk

Ulstein kommune skal gje eit kulturskuletilbod i samsvar med Opplæringslova §13.6 og Rammeplan for kulturskulen med dei rammer som til ei kvar tid er fastsette av kommunestyret.

2. Om søknad og frist

Alle som ønsker å bli elev ved Ulstein kulturskule må søke på elektronisk søknadsskjema gjennom heimesida vår: ulsteinkulturskule.no. Påmeldinga er bindande og gjeld for eitt skuleår. Dato for oppseiing er den same som for påmelding og er sett til 30.april. For born og unge under 18 år, må føresette søke.

3. Om elevplass

Dei som har fått elevplass ved kulturskulen, eig plassen til han vert oppsagt skriftleg. Elevplassar kan ikkje «gå i arv» eller overtakast av sysken. Eleven eig elevplassen også ved søknad om endring av disiplin, til plassen vert skriftleg oppsagt. Ved utmelding etter frist, er ein å rekne som elev ved kulturskulen følgjande skuleår.

4. Om opptak og påmelding

Kulturskulen kan registrere påmeldingar heile året. Opptak kan også gjerast i løpet av skuleåret, dersom det er ledig kapasitet. Kriteria for opptak frå ventelista er påmeldingsdato, alder på søkar og ei totalvurdering frå rektor og faglærar.

5. Om undervisningsåret

Skuleåret er delt inn i 2 semester, haust/vår. Undervisningsåret ved kulturskulen har 36 veker og følgjer skuleruta til grunnskulen.

6. Betalingssatsar og moderasjon

Satsane for elevplass vert fastsette av kommunestyret, og krav om brukarbetaling vert sende frå Ulstein kommune haust og vår. Det vert gitt 20% moderasjon for søsken og elevplass ved fleire disiplinar. Manglande betaling etter purring, vil kunne føre til oppseiing av plass.

7. Om fritak for elevavgift

Fritak for elevavgift ved utmeldingar midt i eit skuleår kan ikkje imøtekomast. Ved flytting eller legeerklært sjukdom kan ein søke til rektor om fritak.

8. Om kostnader til undervisningsmateriell

Elevane må sjølve dekke kostnader til notar og anna undervisningsmateriell. Der ein treng notemateriale frå kulturskulen vert det kravd avgift for dette. Det same gjeld materialkostnadar for visuelle kunstfag.

9. Om utleige av instrument

Ulstein kulturskule har eit avgrensa tal instrument for utleige. Utleige skjer mot føresette si underskrift på eige skjema. Elevane skal sjølve dekke utgifter til utstyr som td strengar og flis. Dersom instrumentet vert skadd, skal det straks meldast frå til rektor. Elevar/føresette må sjølve betale for skaden om den skuldast vørdlaus eller dårleg handsaming av instrumentet. Maksimumstid for leige av instrument er tre år. Leige utover dette må avtalast med kulturskulen.

10. Om endringar i timeplanen

Ulstein kulturskule kan ved kortidssjukdom, der det er vanskeleg å skaffe vikar, avlyse enkelttimar utan at skulepengane vert refunderte. Elevane må rekne med endringar i timeplanen ved Kulturskulen sine prosjektframføringar.

11. Om oppmøte

Elevar skal møte presis og godt budd til undervisning. Sjukdom og anna fråvær skal varslast direkte til lærar. Forsømte timar vert ikkje erstatta.

12. Om klage

Eventuelle klager skal sendast til Ulstein kommune.

Adresse: 

Ulstein kommune ved kommunalsjef oppvekst og kultur, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

13. Om eventuelle endringar i vedtektene

Endring i vedtektene skal leggast fram i Levekårsutvalet for endeleg avgjerd. Prinsipielle og vesentlege endringar skal handsamast av kommunestyret.