Trivselstilskot i krinsane

Trivselstilskot i krinsane

 

Kven kan søkje?

Organisasjonar heimehøyrande i krinsane i Ulstein kommune, med unntak av sentrumskrinsen, kan søkje om tilskot til trivselstiltak. Med krins meiner ein i denne ordninga skulekrins.
Døme: idrettslag, grendalag og andre lag som arbeider for auka trivsel og bulyst i krinsen.

Kva tiltak kan ein søkje på?

Målet med tiltaka skal vere auka trivsel og bulyst i krinsen. Det kan søkjast på nye fysiske tiltak og investeringar. Døme: nærmiljøanlegg, turløyper, leikeplass m.m.

Det kan også søkjast på nye tiltak og arrangement som ein ønskjer å gjennomføre.
Døme: bygdekveldar, teatergruppe, lokale konsertar m.m.

Kor mykje midlar er til rådvelde?

Levekårsutvalet i Ulstein disponerer årleg 200.000 kr til føremålet.

Samfinansiering

Det er ein føresetnad for å få tildelt midlar, at andre enn Ulstein kommune bidreg økonomisk til gjennomføring av tiltaket. Ulstein kommune sin del gjennom ordninga for trivselstiltak i krinsane, kan ikkje overstige 50 % av tiltaket sin totalkostnad. Dugnad kan være ein del av finansieringa av eit prosjekt. Ein dugnadstime for ein person kan reknast til 200 kr. Dugnadstimar må dokumenterast med timeliste.

Søknadsfrist?

Søknadar om tilskot må vere Ulstein kommune v/ kulturkontoret i hende innan 1. mars og tildeling skjer seinast i løpet av mai. Eventuelle unytta midlar kan tildelast på hausten med søknadsfrist 1. september og fordeling i løpet av oktober.

Korleis søkje?

Der er ikkje eige søknadsskjema til søknadar om trivselstiltak i krinsane. Søknad kan sendast på e-post til postmottak@ulstein.kommune.no

Tildeling av midlar

Prosjekt skal vurderast ut frå kva positive ringverknadar eit prosjekt kan få og kva målgruppe prosjektet har. Prosjekt med positiv ringverknad for ei større gruppe skal prioriterast fram føre ei mindre gruppe.

Levekårsutvalet skal, så langt råd, prøve å ivareta alle krinsane gjennom tildeling av midlar.

Retningsliner for tildeling av trivselstiltak i krinsane (PDF, 100 kB).

Utbetaling av midlar

Det er høve til å få utbetalt inntil 60 % av det kommunale tilskotet under gjennomføring av prosjektet.
Dei resterande 40 % vert utbetalt ved sluttføring av prosjektet mot framlagd rekneskap og sluttrapport frå søkar når prosjektet er ferdigstilt.

Som ein del av sluttrapporten sal det være eit kort samandrag som omtaler prosjektet, bilde og namn på kontaktperson. Samandraget skal være utforma slik at det kan presentere prosjektet på kommune sine heimesider.

 

Kontakt

Leif Ringstad
kultursjef
E-post
Mobil 47 30 13 32