Kva er frivilligprisen?
Prisen er ei påskjønning for aktiv innsats innan frivillig arbeid i kommunen, og skal synleggjere frivilligheita sin store verdi gjennom å løfte fram gode eksempel på resultat for frivillig innsats for lokalsamfunnet i vår kommune. Prisen skal stimulere til frivillig innsats.
Kven kan få frivilligprisen?
Frivilligprisen blir tildelt ein initiativrik person eller ei gruppe som har utmerka seg med frivillig arbeid i kommunen.
Føremålet med prisen er å styrke samspelet mellom kultur, helse, organisasjonsliv og den frivillige sektor elles.
Annonsering av kulturprisen
Det er styret i Ulstein Frivilligsentral som administrerer Frivilligprisen, og dagleg leiar i frivilligsentralen ordnar med omtale og annonsering.
Korleis fremje kandidatar?
Fristen for å foreslå kandidatar i 2021 er 28. november.
Fremjing av kandidatar kan du sende skriftleg til postmottak@ulstein.kommune.no, eller per brev til:
Ulstein kommune
v/Ulstein Frivilligsentral
Postboks 143
6067 ULSTEINVIK
Du kan også levere forslaget ditt på servicetorget på rådhuset, eller til frivilligsentralen i Skollebakken.
Framlegget og kandidaturet ditt skal vere grunngjeve.
Tildeling av frivilligpris
Styret i Ulstein Frivilligsentral er jury for tildeling av frivilligprisen.
Tildelinga skjer på den internasjonale frivilligdagen 5. desember.
Kva består prisen av?
Prisen er på kr. 5000.
Tidlegare vinnarar av frivilligprisen
Her kan du sjå kven som har vunne frivilligprisen tidlegare.