Sjukeheimsforeininga

Sjukeheimsforeininga

Sjukeheimsforeininga er første torsdag kvar månad, med unntak av ferie- og høgtidsdagar. Samlinga startar kl. 17:30 og vi held til i kafeen på Alvehaugen. Foreininga er først og fremst open for bebuarar og pårørande, men bygdefolket er også velkomne.  


Foreininga har eit styre som består av pårørande, og det er styret som står for program og gjennomføring av arrangementet. I tillegg til variert program og underhaldning, så er smørbrød, kake og kaffi ein fellesnemnar. For å dekke kostnadar vert det sendt rundt ei bøsse slik at kvar enkelt kan betale inn det som høver. Den første torsdagen i desember er det basar. Overskotet går til trivselstiltak på Alvehaugen. Den første torsdagen i januar er det julebord.  

Arrangementa vert annonsert i lokalavisa. Det vert også hengt opp plakatar på Alvehaugen i god tid før samlingane, med informasjon om tid og innhald. 

Kontakt

Anita Lillenes
konsulent
E-post
Telefon 70 01 78 12
Mobil 98 23 06 14