Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken i Ulstein vert drifta av statlege midlar og gjennomført av kulturkontoret i samarbeid med omsorgstenesta og frivillige grupper. Tilskotsordninga vert basert på antal eldre over 70 år i kommunen.

 

Målsetning

Målet for Den kulturelle spaserstokken er å legge til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren. Dette samarbeidet skal gi gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt. Den kulturelle spaserstokken kan formidle alle kunstsjangrar. Midlane skal hovudsakleg nyttast til profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet, etter modell frå Den kulturelle skolesekken. Samarbeid med kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarar og andre kulturaktørar på lokalt, regionalt eller nasjonalt er ein føresetnad for tildeling av midlar. Ein samarbeider også med dei andre kommunane på Søre Sunnmøre om aktørar til ulike kulturarrangement.

 

Målgruppe

Personar i kommunen som er 70 år eller eldre.

Lokalt samarbeider aktivitørane i omsorgsetaten, Ulstein Frivilligsentral og kulturkontoret i Ulstein om dette kulturløftet for eldre. Ordninga skal bidra til at eldre får eit tilpassa og relevant kulturtilbod på arenaer der dei eldre er i kvardagen.

 

Døme på kulturtiltak for seniorar

  • Museumsbesøk på Devold, i Hornindal og på Ishavsmuseet i Brandal
  • Tur til Atlanterhavsparken og Ivar Aasen-tunet
  • Kulturveka på Alvehaugen
  • Markering av eldredagen 1. oktober
  • Ulike konsertar
  • Ulike kunst- og kulturtilbod på Alvehaugen, Holsekerdalen, Frivilligsentralen, Bygdastova og Sjøborg
  • Seniorfestival

 

Kven kan søkje om midlar?

Det er berre kommunane som har høve til å søkje om midlar til Den kulturelle spaserstokken og i Ulstein er det kulturkontoret som har det administrative ansvaret.



 

Kontakt

Leif Ringstad
kultursjef
E-post
Mobil 47 30 13 32