Søknader vert behandla så snart som råd, av eit tiltaksteam som har møte kvar veke. Du får skriftleg melding om vedtak. Bur du heime og søker om korttidsopphald, kan det vere nødvendig med ein kartleggingssamtale.
Vi nyttar ressursorientert saksbehandling. Det vil seie at vi er opptekne av kva innbyggarar klarer sjølve, kva pårørande og anna nettverk kan hjelpe til med, og kva omsorgsetaten kan bidra med. Dette får vi til gjennom samarbeid og dialog med kvarandre, der målet er at innbyggarar med hjelpebehov, skal kunne leve eit mest mogleg sjølvstendig liv.