Ulstein og Hareid samarbeider om legevakt

Ulstein og Hareid samarbeider om legevakt

Fastlegen er hovudkontakten din inn i helsetenesta. Når fastlege ikkje er tilgjengeleg skal legevakta kontaktast. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

 

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringe?

Kontakt med tenesta har fire nivå i Noreg:

  • Ring fastlegen din i opningstida (telefon 70 01 89 89 (Ulstein) og 70 30 70 70 (Hareid), kvardagar klokka 08.00–15.00)
  • Ring legevakt 116 117 utanom opningstida til fastlegen, eller viss du ikkje får kontakt med fastlegen din i opningstida og hjelpa ikkje kan vente (kvardagar frå klokka 15.00–22.00 og helgedagar frå klokka 08.00–22.00)
  • Ring interkommunal nattlegevakt 116 117 klokka 22.00–08.00
  • Ring 113 når det er akutt og står om liv


Legevakta i Hareid og Ulstein

Etter kontortid er fastlegane med i ei felles legevaktordning, og lokalt er legevakta delt mellom Ulstein og Hareid kommunar. Legevakta i Ulstein og Hareid er tilgjengeleg kvardagar frå klokka 15.00–22.00 og helgedagar frå klokka 08.00–22.00.

  • Legevakta i Ulstein har besøksadresse Sjøgata 3, 6065 Ulsteinvik og postadresse postboks 205, 6067 Ulsteinvik
  • Legevakta i Hareid har adresse Kjøpmannsgata 16, 6060 Hareid

Du skal alltid ringe legevakta for vurdering før du eventuelt avtalar å møte opp. 
 

Interkommunal nattlegevakt i Hovdebygda

Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta samarbeider om interkommunal nattlegevakt ved Søre Sunnmøre legevakt. Frå og med 1. februar 2021 vert nattlegevakta for desse kommunane lokalisert i Hovdebygda. Nattlegevaktordninga er frå klokka 22.00–08.00 alle dagar.

Søre Sunnmøre legevakt blir å finne rett ovanfor flyplassen i Hovdebygda, i same bygget som m.a. Politiet og ambulansestasjonen. Inngang gjennom hovudinngang på oppsida av bygget.

  • Nattlegevakta i Hovdebygda har adresse Torvmyrane 11 B, 6160 Hovdebygda


Organisering og personell

På Søre Sunnmøre legevakt vil det arbeide legar, sjukepleiarar, paramedisinarar og ambulansepersonell. Desse vil saman gjere sitt beste for å gi innbyggarane naudsynt helsehjelp. 

 

Kven kan kontakte legevakta? 

Alle kan ringe legevakta når ein meiner ein ikkje kan vente til fastlegen er på kontoret.

 

Dette kan legevakta gjere for deg

​Når du ringer det sekssiffera nummeret 116 117 kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg. 

Legevakt skal tilby hjelp til det som ikkje kan vente når fastlegekontoret ditt er stengt. Legevakta skal også hjelpe deg når du ikkje er i nærleiken av fastlegen din, for eksempel dersom du er på ferie eller reise. Dersom du trur det er akutt og står om liv, ringer du medisinsk naudhjelp 113.

Eksempel på tilstandar der det kan vere fornuftig å ta kontakt med legevakta:

  • Høg feber – særleg hos barn
  • Moderate pustevanskar
  • Akutt sjukdom eller alvorleg forverring
  • Slapt og medtatt barn eller voksen
  • Alvorleg psykisk sjukdom
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  • Kuttskadar som må syast
  • Mistanke om brot

 

Kva kan du forvente?

Når du ringer legevakta vert det gjort ei vurdering av din situasjon og det vert gjort avtale om eventuelt oppmøte. Ofte kan gode råd på telefon vere nok.

Når du kjem til legevakta, må du alltid ta kontakt med personalet, slik at dei kan gjere ei rask vurdering av kor mykje det hastar. Dersom du må vente, er det fordi andre treng hjelp raskare. For å kunne hjelpe deg på best mogleg måte, treng legevakta opplysningar om personalia, adresse, kvifor du tek kontakt, tidlegare sjukdomar, og kva medisin du nyttar.

 

Kva kostar det?

Det er gratis å ringe legevakta, men ved oppmøte må du betale ein eigenandel og eventuelt dekkje utgifter til materiell som for eksempel bandasjar og medisinar.

 

Når skal du ringe 113?

​Ved ulykker og alvorlege hendingar der du treng akutt helsehjelp skal du ringe 113. Har du eitt av desse symptoma skal du alltid kontakte medisinsk naudhjelp 113:

  • Nye lammingar i ansikt – vanskar med å smile, le eller vise tenner
  • Nye lammingar i arm – vanskar med å løfte begge armane
  • Nyoppståtte språkforstyrringar, finn ikkje ord eller utydeleg tale
  • Plutseleg og uforklarleg ustøheit
  • Bevisstlausheit eller nedsatt bevisstheit
  • Brystsmerter i meir enn fem minutt
  • Bruk av hjertemedisinen nitroglyserin gir mindre effekt enn vanleg
  • Uventa ubehag i brystet, generell uvelheit og kvalme