USAS - Ulstein sanse- og aktivitetssenter

USAS - Ulstein sanse- og aktivitetssenter

Kva er USAS?

Ulstein sanse- og aktivitetssenter (USAS) har eit breitt spekter av dagtilbod. Dagsenteret tilbyr kreative aktivitetar, arbeidsaktivitetar, turgruppe, musikk med rørsle, kjøkken- og kaféaktivitetar og sansestimulering/snoezelen. USAS held til i Holsekerdalen 24.


Kven er målgruppa for dagsenteret?

På sanse- og aktivitetssenteret har menneske med utviklingshemming, i alle aldrar, ein base for arbeid, sansestimulering og andre meiningsfylte aktivitetar.


Kva kostar det?

Sjølve dagtilbodet på USAS er gratis. Leige av snoezelen kostar kr. 100,- for enkeltperson og kr. 300,- for grupper.


Korleis søkje om plass på dagsenteret?

Klikk her for å kome til søknadsskjemaet, vel "Dagsenter for utviklingshemma". 


Når kan du vente svar?

Søknadar vert fortløpande behandla av eit tiltaksteam som har møte kvar torsdag. Du vil få skriftleg melding om vedtak.


Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.

Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal  som klageinstans.

Kontakt

Kari Warholm
avdelingsleiar
E-post
Mobil 98 23 06 42