Kva er dagsenteret for eldre?
Eit dagtilbod ved Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter med ulike aktivitetar, trening etter ynskje og behov, samt måltidsfellesskap.
Kven er målgruppa for dagsenteret på Alvehaugen?
Heimebuande eldre, personar med nedsett funksjonsevne og bebuarar ved Alvehaugen.
Kva kostar det?
Bebuarar i omsorgsbustad med full kost har fritt dagsenter.
Korleis søke om plass?
Klikk her for å kome til søknadsskjemaet, vel "Dagsenter for eldre".
Når kan du vente svar?
Søknadar vert behandla av eit tiltaksteam som har møte kvar veke. Sakshandsamingstida er 3-4 veker, og du vil då få skriftleg melding om vedtak.
Klage på vedtak?
Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen tre veker.
Send skriftleg klage til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.
Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.