Barn som pårørande

Barn som pårørande

Mange barn opplever å vere pårørande i løpet av oppveksten sin. Når noko skjer med foreldre eller søsken, vert kvardagen til barna påverka.

Det er mange årsaker til at barn er pårørande eller at kvardagen vert vanskeleg.

Det kan vere forhold i familien som:

  • psykisk sjukdom, fysisk sjukdom eller skade
  • demens
  • misbruk av alkohol eller rusmiddel
  • når nokon av dei næraste døyr
  • samlivsbrot
  • store økonomiske utfordringar
  • å vere vitne til vald i familien
  • forelder som sit i fengsel


Kontakt barneansvarleg

Vi oppmodar alle som er uroa for eit barn som er pårørande, til å ta kontakt med oss. Kommunen har barneansvarleg i alle helse- og omsorgstenestene våre.

Skriv gjerne inn namn og telefonnummer til deg sjølv her, så ringer vi deg tilbake så snart som råd.



Andre tilbod for barn og unge som treng nokon å snakke med

 

Nettstader med råd og rettleiing til barn og unge som pårørande

  • Ung.no – nokon å snamme med om sjukdom eller rus i familien
  • BARsnakk – ei chatteteneste for deg som har ei mor eller far eller andre du bryr deg om – med rusproblem
  • Treffpunkt – kreftforeininga sin møteplass for barn og unge som pårørande
  • UngePårørende.no – ein nettstad som er laga for (og med) barn som er pårørande
  • Helsenorge.no – snakk med barn om sjukdom
  • Vaksne for barn

 

Rettleiar for pårørande

Helsedirektoratet sin rettleiar for pårørande har eit eige kapittel med informasjon og støtte til barn som pårørande.


Lovverk

Helsepersonell er lovpålagt å vareta behovet for informasjon og nødvendig oppfølging for mindreårige barn som er pårørande.

 


For tilsette

Slik arbeider vi med barn som er pårørande.
 

Trinn 1: Kven og kvifor?

Kven er barn som pårørande?

Vårt arbeid med barn som pårørande gjeld

  • alle barn (0 til 18 år) som er pårørande
    • biologiske barn, adoptivbarn, stebarn og fosterbarn
    • barn som er pårørande til søsken, stesøsken og fostersøsken

 

Mange barn opplever å vere pårørande i løpet av oppveksten sin. 
Her kan du lese meir om årsaker til at barn er pårørande.

 

Føremål
  • avklare om barn eller søsken er pårørande
  • sikre at risikoutsette barn og unge får tidleg hjelp, og møte behova til barna når dei er pårørande
  • tidleg innsats kan forebygge belastning og utvikling av problem hos barn og unge
  • barn som pårørande skal få forståeleg og tilstrekkeleg informasjon og nødvendig oppfølging
  • ha fokus på familien som heilskap ved å støtte barn som pårørande og deira foreldre/føresette til best mogleg å meistre foreldrerolla og situasjonen
  • å vareta barn som pårørande vil gi positive ringverknader for tenestemottakar og familien som heilskap
Familiesituasjonen

Dersom barn som pårørande ikkje vert tekne omsyn til, kan dei verte påverka av sjukdomen til foreldre eller søsken, og sjølv utvikle eigne vanskar. Utfordringane kan påverke den emosjonelle, kognitive, sosiale og fysiske utviklinga til barnet. 

Det kan også gi følger for moglegheitene barnet har til å tileigne seg kunnskap under oppveksten, i barnehage og seinare i skulen. Sosial kompetanse har stor betydning for livskvalitet og moglegheiter vidare i livet. Oppvekstvilkår betyr mykje.

Familien som heilskap kan pregast av situasjonen, og måten foreldre utøver foreldrerolla si på, kan endrast.


Innvandrarbakgrunn

Barn i familiar med innvandrarbakgrunn kan ha ekstra utfordringar på grunn av språk og kultur. Ved behov må vi bruke autorisert tolk, og vi må rekne god tid for å kunne gi tilstrekkeleg informasjon. Det er viktig å vise respekt, skape tillit og vere tydeleg i kommunikasjonen. Skam og skuld kan vere meir gjeldande hos barnet, og det har ofte eit mindre nettverk. Vi må sjekke ut at vi ha forstått barnet og foreldra, og at dei har forstått det vi har formidla.

Gi god informasjon

God informasjon og oppfølging til barnets beste

Barns rettar er sikra i lov om barn og foreldre, FNs barnekonvensjon og Noregs grunnlov. Alle lovene fastheld omsynet til barnets beste i saker om barn som pårørande. 

Helsedirektoratet sin nasjonale rettleiar for pårørande kapittel 5, har god informasjon om korleis tilsette må avklare situasjonen til barnet og korleis vi kan gi støtte og informasjon til barn som pårørande. 

Forebygging av problem hos barn som pårørande skjer ved at barnet får informasjon og oppfølging etter behov. Barn skal kunne få seie si meining om eigne behov og om kontakta med andre tenester og hjelpetilbod. Avhengig av alder har barnet rett til å verte høyrt i saker som gjeld dei, og det skal verte lagt vekt på meiningane til barnet.


Plikt til å informere

Helsepersonell har plikt til å bidra til at barn som pårørande får informasjon og nødvendig oppfølging nettopp for å vareta deira behov, jamfør helsepersonellova § 10 a. Barn og unge treng ikkje vise symptom før lova si plikt gjer seg gjeldande. Foreldre/føresette vil ofte ha behov for å drøfte bekymringar om sine barn, og eit godt samarbeid med barnet og foreldra styrkar vårt arbeid med barn som pårørande.

Det er viktig at du som helsepersonell brukar tid og ser på den lovpålagde oppgåva som ein prosess der foreldre gjennom eventuelt fleire samtalar får informasjon og forståing for målet med at barn som pårørande vert varetatt, og kvifor dette er viktig, slik at samtykke vert gitt. 

Sjå også Barnespor - eit samtaleverktøy når barn er pårørande innan rus og psykisk sjukdom i familien.

Samtykke

Det er viktig å innhente samtykkeerklæring for å gi barnet best mogleg oppfølging. For barn under 18 år er hovudregelen at det er foreldra til barnet som skal samtykke. 

Samtykkeskjemaet vårt finn du her.

Spesielle situasjonar for barn som pårørande

Utgangspunktet er at begge foreldre/føresette skal samtykke til at tenestene eller instansane kan gi og få teiepliktige opplysningar om barnet. Det gjeld eigne reglar i saker om helsehjelp til barnet.

For barn som er pårørande er situasjonen ofte ein litt annan. Barnet kan ha behov for å få informasjon om ein forelder eller eit søsken. Spørsmålet vert difor: Kven må samtykke til at eit barn som er pårørande kan få slik informasjon?

  • Når begge foreldre må samtykke: Utgangspunktet er at begge foreldre skal samtykke til at barnet kan få informasjon om situasjonen. 
  • Når ein av foreldra kan samtykke:
    1. Når barnet bur hos ein av foreldra, kan denne ta avgjerd som gjeld vesentlege sider som gjeld omsorga for barnet, utan at den andre forelderen kan motsette seg dette (dette står i Lov om barn og foreldre § 37).
    2. Det er tilstrekkeleg at ein forelder gir samtykke til at barnet får informasjon, forutsett at kvalifisert helsepersonell vurderer at informasjonen er nødvendig for at barnet ikkje skal ta skade. Dette er tilsvarande regel som gjeld for å samtykke til å gi barnet helsehjelp – sjå nærare vurdering av dette på side 3 i rettleiaren. 
  • Generell informasjon: Dette er informasjon om til dømes årsak, symptom og behandling og kan verte gitt til barnet sjølv om ikkje foreldra samtykker. 
  • Pasientinformasjon: Dette er det same som teiepliktig informasjon og krev samtykke som skildra ovanfor. Viss det er vanskeleg å få samtykke til å gi barnet all informasjon, kan det gjerast avtale om konkrete tema som tenesteutøvar kan informere barnet om. Viss barnet allereie er kjent med opplysningane, kan slik informasjon verte gitt utan at det er brot på teieplikta (dette følger av helsepersonellova § 23 nr.1).
  • Når ingen foreldre kan gi samtykke: I situasjonar der det ikkje er mogleg for foreldra å gi samtykke på grunn av helsetilstanden, kan helsepersonellet vurdere om tenestemottakar ville ønska at barnet skulle få informasjon og ta stilling til om det ligg føre presumert samtykke.
  • Samarbeidande personell: Samarbeidande personell (til dømes fastlege, helsestasjon, skulehelseteneste, barne- og ungdomspsykiatri) kan verte informert utan samtykke når det er nødvendig for å vareta behova til barnet, med mindre tenestemottakar motset seg det (dette følger av helsepersonellova § 25). 
Roller og ansvar

Helse-/sosialpersonell

  • varetar barnets behov for informasjon og nødvendig oppfølging
  • tenesteansvarleg har hovudansvaret i samarbeid med anna personell
  • tenesteutøvar som skal legge til rette og gjennomføre kartleggingssamtalane og stå for eventuell vidare oppfølging. Tenesteutøvaren skal ha relevant kompetanse og erfaring i å vareta barn som pårørande.
     

Barneansvarleg har tilleggsoppgåver

  • koordinerer og fremjar arbeidet i eiga teneste. For heimesjukepleia og institusjonar vil ressurspersonar på den enkelte avdeling vareta dette i samarbeid med barneansvarleg for aktuell teneste.
  • informerer og rettleiar kollegaer utan å overta ansvar
  • har oversikt over aktuelle tilbod og hjelpeinstansar internt og eksternt
  • har god kunnskap om barn som pårørande sin situasjon og behov
  • har god kunnskap om kommunikasjon med barn

 

Leiing

  • forankrar arbeidet med barn som pårørande i kommunen
  • inkluderer barna sitt behov som pårørande i det totale helsetilbodet
  • implementerer gjeldande prosedyrar
  • inkluderer arbeidet med barn som pårørande i strategiske dokument (til dømes samarbeidsavtalar, behandlingslinjer, rettleiarar)
  • oppnemner ein koordinator for barn som pårørande-arbeidet
  • sikrar at barneansvarlege deltek på aktuell opplæring og rettleiing
  • sikrar at tilsette får grunnleggande opplæring
  • sørger for at avdelingar er tilrettelagt for barn som er på besøk
  • sørger for at informasjonsmateriell er tilgjengeleg for pasientar, pårørande og tilsette


Ansvar, kontroll og avvik

  • ansvarleg helsepersonell har ansvaret for at denne rettleiaren vert følgt
  • avdelingsleiar har ansvar for at prosedyren vert følgt opp på si avdeling
  • avdelingsleiar ved Ulstein helsestasjon er ansvarleg for denne prosedyren og revidering av den
  • dersom ikkje prosedyren vert følgt er det eit avvik som skal meldast etter gjeldande reglar


Trinn 2: Kartlegging

Når og kvifor skal du kartlegge?

Føremålet med kartlegginga er å

  • avklare omsorgssituasjon for barnet
  • avklare behov for informasjon og oppfølging for barnet


Du skal kartlegge når

  • tenestemottakar har barn som er pårørande
  • tenestemottakar sjølv er barn og har søsken som er pårørande
  • det er behov for ny kartlegging


Ver medvitenpå personvernet til barnet
Hugs at du må vere medviten på personvernet når du skriv kartlegginga.

pasient og brukerrettighetslova § 3-4, er det spesifisert kva rett til innsyn foreldra har, når barnet er under 18 år.

 

Meldeplikt og avvergingsplikt

Ver merksam på forhold ved fare for liv og helse som kan innebere at barn kan ha behov for hjelp av barnevernet eller politiet. Les meir under punktet om bekymringsmelding under tiltaksoversikta.


Treng barnet meir informasjon eller oppfølging? 

Dersom kartlegginga viser at barnet treng meir informasjon eller oppfølging, må du raskt ta kontakt med aktuelle tenester eller sette i gong tiltak som nemnt i trinn 3 i denne rettleiaren.

Viktig:
Dersom det kjem fram sensitive opplysningar som barn fortel i ein samtale med helsepersonell, må helsepersonell vere medvitne på om foreldra har innsynsrett med tanke på om – og eventuelt korleis opplysningane kan dokumenterast i journalen til barnet, eller om nemnde opplysningar skal formidlast til annan tenestemottakar på annan måte.


Trinn 3: Sette i gang tiltak

Tiltak
  • sikre at barnet har forsvarleg tilsyn av ein forelder eller annan omsorgsperson
  • ved uavklart omsorgssituasjon må du varsle barnevernet. Er det mistanke om vald i nære relasjonar, må du varsle både barnevernet og politiet. 
  • barn over 16 år må samtykke til eventuelle vidare tiltak. Dersom barnet ikkje samtykker, må du vurdere om situasjonen er så bekymringsfull at det utløyser meldeplikt til barnevernet.
Samtale med foreldre om barnet

Inkluder andre i samtalen ved behov og etter samtykke frå foreldra.

Informer om bakgrunnen for samtalen

  • alle familiar med barn som pårørande får tilbod om ein slik samtale
  • barn kan verte redde for at dei sjølv kan verte sjuke, at sjukdomen kan smitte eller vere arveleg
  • nokre barn tar på seg skuld og skam for det som er skjedd, og kan halde tilbake tankar og kjensler for foreldra
  • barn opplever ofte angst, konsentrasjonsproblem, søvnforstyrringar, uro, vert inneslutta eller viser anna åtferdsendring
  • det er viktig å få fram at barn innan same familie kan reagere ulikt, og at alder og modenheit hos barnet også er vesentleg


Tema for samtalen

  • situasjonen og behova til barnet
  • korleis snakke med eigne barn
  • ressursar og nettverk i familien
  • hjelpebehovet i familien
  • avklar kva foreldre/føresette sjølv kan, eller ønsker å gjere, og kva dei treng støtte til frå helsepersonell eller andre
     

Annan informasjon

Samtale med barnet - aleine eller saman med foreldra

Vi oppmodar at du planlegg familiesamtale innan første veke, men dette må vurderast i kvar enkelt situasjon. Samtalen bør utførast av to tilsette, der minst den eine har kjennskap til familien. Samtalen bør avsluttast med foreldre til stade dersom dei ikkje har delteke under heile samtalen.

Behov for samtykke

Du kan gi generell informasjon til barnet utan samtykke frå foreldra. Når det gjeld informasjon som er underlagt teieplikt, krevjast det samtykke. Les meir om dette i avsnittet “Innhent samtykke”, under trinn 1 på denne sida. 

Generelle råd

  • det er viktig at du gjennomfører samtalen på barnets premissar
  • inkluder andre ved behov etter samtykke
  • informer om bakgrunnen for samtalen og at alle barn som er pårørande får tilbod om ein slik samtale
  • be foreldra om å gi barnet løyve til å snakke om det dei er opptekne av
  • sørg for at barnets/barnas røyst vert ivaretatt
     

Tema for samtalen

  • vurder temaa ut frå barnets behov
  • spør om kva barnet veit, kva dei ønsker å vite og kva dei treng
  • gi informasjon om sjukdomen, behandling og at tenestemottakar blir godt tatt vare på
  • snakk om vanlege reaksjonar når foreldre eller søsken er sjuke/skada:
     - at sjukdomen/skaden ikkje er barnets skuld
     - at ikkje barnet har ansvar for å hjelpe den sjuke
     - at barnet har lov til å leike/ha det gøy
  • snakk om meistringsstrategiar
  • barnet kan ha behov for informasjon om kven som skal ta vare på barnet, kven som veit om familiens situasjon og kven barnet/barna kan snakke med


Sjekk at barnet forstår det du seier

  • bruk eit språk som barnet forstår, tilpassa barnets alder, modenheit og kultur
  • spør om barna forstår det dokker snakkar om, og spør om dei lurer på noko anna
  • vurder kor mykje informasjon som barnet maktar å ta imot og arbeide med
  • kan det vere behov for fleire samtalar?

 

Annan informasjon

  • informer om interne og eksterne hjelpetilbod for barn og familiar
  • tilby informasjonsmateriell og gode nettadresser
Barn på besøk ved bu- og omsorgsinstitusjonar
  • vi oppmodar at familien avtalar med personalet på institusjonen før barnet kjem på besøk, slik at personalet er førebudd og kan ta imot barnet på ein god måte
  • oppmod familien til å snakke med barnet om kva som venter dei ved besøk
  • under besøket ber vi personalet sette av litt tid til å snakke med barnet om det han eller ho har behov for
  • legg til rette for barn i alle aldrar (til dømes eigna rom, bøker, leiker, aktivitetar, informasjon)
Informere andre i nettverket rundt barnet

Tenesteutøvar bør be foreldre om å informere barnehage og skule om situasjonen. Det er viktig at barnet får seie meininga so om korleis dette skal skje. Vi oppmodar også om at andre foreldre, eller barn i nettverket rundt barnet, vert informert når det er naturleg. Ein føresetnad for dette er samtykke frå barnet og foreldra/omsorgsperson. Avklar også med barnet om kva vi kan informere om. 

Samhandling

Treng barnet meir informasjon eller oppfølging?

Det er viktig med god og tidleg informasjonsutveksling og samarbeid mellom tenestene i kommunen og sjukehus. Det kan vere aktuelt når

  • barnet har behov for oppfølging i kommunen eller av andre hjelpeinstansar
  • tenestemottakar utskrivast/behandling avsluttast
  • tenestemottakar er i poliklinisk behandling
     

Samhandling om informasjon og tiltak

  • avklar kva foreldra sjølv kan, eller ønsker å gjere, og kva dei treng støtte til frå helsepersonell eller andre
  • i samarbeid med barnet og foreldra kan du formidle ønske om støtte og oppfølging til nettverk og hjelpeinstansar
  • innhent samtykke for å informere nettverket rundt barnet (til dømes familie, naboar, vennar, skule/barnehage, fritidsarenaer)
  • samarbeidande personell (til dømes fastlege, helsestasjon, skulehelseteneste, barne- og ungdomspsykiatri) kan informerast utan samtykke når det er nødvendig for å vareta barnets/barnas behov, med mindre tenestemottakar motset seg det, jf. helsepersonellova § 25, tredje ledd.
  • delta på samarbeidsmøter
  • samarbeid fortløpande med aktuelle aktørar om ny informasjon og utvikling/iverksetjing av nye tiltak
     

Ved langvarig oppfølging

  • i samarbeid med familien bør du oppsummere og evaluere den oppfølginga dei har fått
  • vurder behov for ytterlegare tiltak for å ivareta barnet
Bekymringsmelding

Når skal du sende bekymringsmelding til barnevernet?

Når det er grunn til mistanke om mishandling, alvorleg omsorgssvikt eller vedvarande og alvorlege åtferdsvanskar skal du varsle barnevernet. Helsepersonell har ved slike tilfelle meldeplikt, ikkje teieplikt. 

  • ver merksam på forhold som kan innebere at barn kan ha behov for hjelp frå barnevernet 
  • diskuter og vurder bekymringa med aktuelle fagpersonar
  • ta bekymring opp med foreldre/føresette og høyr deira vurdering
    unntak: Når barns liv og helse kan settast i fare
  • grunn til mistanke krev ikkje sikker viten om situasjonen, men at det ligg føre forhold som underbygger mistanken. Det er barneverntenesta som skal vurdere omsorgssituasjonen, ikkje helsepersonell som sender bekymringsmelding.
  • søk råd ved tvil: Ring barnevernet og diskuter saka anonymt


Slik sender du bekymringsmelding til barnevernet

  • meldinga signerast og sendast av aktuelle tilsette ved avdelinga
  • helsepersonell har ei sjølvstendig plikt til å sende melding ved mistanke om alvorleg mishandling og kan ikkje stoppast av overordna personell. Manglande varsling kan i ytste konsekvens straffast.
  • skriv ny melding ved ny eller vedvarande bekymring, også når barnet/barna allereie har tiltak i barnevernet
  • skriv eiga melding sjølv om andre tenester/instansar også gjer det. Fleire meldingar med sjølvstendig informasjon styrkar barneverntenesta sitt vurderingsgrunnlag.
  • slik melder du frå til barnevernet

 

Ved akutt fare for liv og helse - meld politiet og barnevernvakta

  • du skal varsle politiet dersom det er nødvendig for å avverje alvorleg skade på barnet. 
    Ring 112 eller 02800
  • ring også barnevernvakta på telefon 915 76 020

 

 

Kontakt

Norunn Margrethe Dimmen
Leiar Koordinerande eining
E-post
Mobil 98 23 06 37