Bustadtomter i Haddal

Bustadtomter i Haddal

Haddal byr på flott natur, eit triveleg nærmiljø og kort veg til arbeidsmarknaden på heile Søre Sunnmøre. 

I Haddal har du sjøen og fjella tett innpå deg. Her er både barneskule og barnehage. Frå Haddal er det knappe 10 minutt å køyre til Ulsteinvik. Til Volda, Ørsta, Fosnavåg eller Larsnes brukar du berre 20–25 minutt. 

Pris

Feltet Myrane er opparbeidd av kommunen og har ein tomtepris på 584 kr per m². Vi har også ei ledig tomt i det utbygde feltet Solsida i Haddal. Tomteprisen for denne er 200 kroner per m².

 

Kart

Kart over dei kommunale bustadtomtene i Haddal finn du her (Sunnmørskart.no).

Tomter som er merka med "L" på kartet er ledige. Tomter som er merka med "R" er handgitt (reserverte). "S" betyr at tomta er seld. Ein T betyr at tomta er tildelt nokon, enten etter konkret søknad eller at den er tildelt ved trekking.

Dersom du er interessert i ei tomt som står som handgitt (R), kan du søke om å få denne tildelt. Då får den som har fått tomta handgitt to vekers frist til å bestemme seg.  Du kan ikkje søke på tomter med status T.

Søk om tomt

Søknadskjema Reglar for handgiving Reglar for tildeling

Sjå film frå området, laga av Blåtind Fotografikk, på initiativ frå Bulyst Eiksund og Haddal:

Kontakt

Anita Øyehol
konsulent
E-post
Mobil 90 66 04 67
Arnfinn Rørvik
ingeniør byggesak/bustadkonsulent
E-post
Telefon 70 01 76 08